Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp).  Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Håkon Mosvold Larsen NTB scanpix

Skal utbetre fylkesvega med mykje tømmertransport

- Flaskehalsar, til dømes i form av bruer som ikkje toler dei tyngste tømmervogntoga, gjer transport av tømmer langs smale vegar i Noreg tungvint. Derfor fordeler vi no 25 millionar kroner til å utbetre fylkesvegar med mykje tømmertransport, seier samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp).

- Utbetring av flaskehalsane vil styrke konkurransekrafta i skog- og trenæringa gjennom lågare transportkostnadar, gi færre lastebilar på vegane og betre miljø, seier samferdselsminister Jon Georg Dale i ein pressemelding.

Transport av tømmer utgjer ein stor del av råvarekostnadene til industrien. Reduserte transportkostnadar kan gi vinstar både for skogeigarar og industri.

- Store delar av vegnettet er no opna for tømmervogntog på 60 tonn. Ved å auke lasta på tømmerbilane kan talet på bilar minske med ein firedel. Dette vil gi reduserte klimagassutslepp og minska energibruk. Likevel fører nokre få flaskehalsar som ikkje toler 60 tonn til at tømmernæringa somme stadar må køyre med lettare last. Derfor fordeler vi no 25 millionar kroner i tilskot til fylkeskommunane for å utbetre flaskehalsar på fylkesvegnettet, seier Dale.

Det er lagt opp til å finansiere forsterking av mindre bruer slik at desse toler 60 tonn totalvekt. Pengane vert fordelt etter forslag frå Statens vegvesen som har fått innspel frå skognæringa. Tre av bruene som skal bli forsterka, Steinsbrua i Østfold, Skaue bru i Vest-Agder og Resa bru i Trøndelag, er blant dei største flaskehalsane for tømmertransporten.

Noregs skogeigarforbund anslår at utbetringane vil kunne gi årlege innsparingar for tømmertransporten på om lag 4 millionar kroner. Tal frå Landbruksdirektoratet visar at det vart selt 10.95 millionar kubikkmeter tømmer til industrien i 2018. Avverkinga i 2018 er den høgaste som nokon gong er registret i Noreg.

Her er fordelinga:

  • Fv 21 Steinsbrua: 5,7 mill.
  • Fv 700 Resa bru: 2,5 mill.
  • Fv 813 Vesterli bru: 2,0 mill.
  • Fv 152 Sagstu bru: 5,1 mill.
  • Fv 406 Fidje bru: 4,2 mill
  • Fv 455 Homme bru: 1,4 mill
  • Fv 455 Skaue bru: 0,2 mill.
  • Fv 237 Løkenkvern bru: 0,9 mill
  • Fv 817 Folda bru: 3, 0 mill (til delfinansiering)