Sprenging av dei to parallelle tunnelane på 2900 meter, ein til Bybanen og ein til gang- og sykkelveg, har starta ved Oasen i Fyllingsdalen. Foto: Bybanen utbygging.

Marti i gang med verdas lengste sykkeltunnel

Arbeidet med å bygge den lengste sykkeltunnelen i verda er i gang. Den 2900 meter lange sykkeltunnelen skal gå parallelt med den nye bybanetunnelen. Gjennomslag er venta i november 2020.

Det skriv Hordaland fylkeskommune på sine nettsider. 

Arbeidet med dei to tunnelane mellom Oasen og Kristianborg skal gå parallelt. Etter gjennomslaget startar utrustinga av dei to tunnelane i desember 2020. I februar 2022 blir bybanetunnelen med spor og den kombinerte gang- og sykkeltunnelen ferdig.

Sykkeltunnelen vil korte reiseavstanden frå Fyllingsdalen til Bergen sentrum med om lag 5,5 kilometer. Reisetida blir korta ned med om lag 20 minutt. I tillegg vil sykkeltunnelen fungere som rømmingstunnel for Bybanen.

Marti Tunnelbau AG som har ansvaret for bygginga av dei to 2,9 kilometer lange tunnelane Kontrakten mellom Bybanen Utbygging og Marti har ein verdi på 800 millionar kroner.

Rundt årsskiftet 2022/2023 skal Bybanen mellom Bergen sentrum via Haukeland universitetssjukehus til Fyllingsdalen opnast for trafikk. Totalt blir strekninga om lag ni kilometer lang, der fem kilometer går i dagen og fire kilometer i tunnel.

Den totale byggekostnaden er sett til 7,101 milliardar kroner, der ein million er avsett til kunst langs traseen, melder Hordaland fylkeskommune.