- Vi er er veldig godt nøgde både med arbeidet som er gjort på Manheller, og samarbeidet med entreprenør NCC. Prosjektet har gått veldig bra, seier byggjeleiar Harald Stadheim til vegvesen.no.
Frå 1. januar 2020 kjem det hybridferjer på sambandet, då overtek Norled kontrakten frå Fjord1. I løpet av dei komande månadane skal Sognekraft montere ein ny trafo på kaiområdet, før Norled set i gang med bygginga av sitt system for lading av hybridferjene.
Området rundt servicebygget på Mannheller har fått ei oppgradering, og bussane har fått betre plass til å snu. Ved den nye kvilekaia er det bygd opp eit podium, der folk kan nyte utsikten over fjorden om det skulle bli litt ventetid mellom ferjene.
– Anlegget er overteke av oss frå entreprenør, men det kan sjå litt uferdig ut, for det står att litt beplanting og såing av området. Dette må vente til det vårast litt meir, fortel Oddvin Hov. Han er prosjektleiar for ferjekaiutbygging i Sogn og Fjordane.
No er Vegvesenet i gang med arbeidet på neste samband; Hella, Dragsvik og Vangsnes, litt lengre ute i Sognefjorden. Også her skal det tilretteleggast for eldrift av ferjene. I tillegg skal det byggast ny hovudkai på Vangsnes og ny og breiare ferjelem på reservekaia. På Dragsvik skal ferjekaiområdet strammast opp og få universell utforming, og alle tre ferjekaiene skal få nye servicebygg.
- Nøkkelord
- Anlegg
- Statens vegvesen
- NCC