Vassleidningsgrøfta er klar for røyrlegging. Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen

Byggjer reserve-vassleidning langs nye E39 Svegatjørn-Rådal

I Rådal er det gravd grøft til den planlagte reserve-vassleidninga mellom Os og Bergen langs nye E39 Svegatjørn–Rådal.

Det er kring to år sidan Statens vegvesen og Os kommune signerte avtale om bygging og omlegging av VA-anlegg i samband med utbygginga av ny E39 mellom Svegatjørn i Os og Nordås i Bergen.

Vassleidninga skal gi Os kommune ei reserveforsyning som dei ikkje har i dag. Det blir eit samanhengande leidningsnett på heile den nye motorveg-strekninga.

Statens vegvesen har og signert ein liknande avtale med Bergen kommune om VA-anlegg på delar av vegprosjektet i Bergen. Det gir og Bergen kommune ei reserve-vassforsyning frå Os for sørlege delar av byen, om det skulle knipe, melder vegvesen.no.

Siste delen av av leidningsgrøfta kjem i den 9,2 km lange Lyshorntunnelen mellom Endalausmarka i Os og Rådal i Bergen. Her er det venta gjennomslag på tunneldrivinga seinare i vår.