Leveransen gjeld skilt, skap og køyrefeltsignal til E39 Svegatjørn–Rådal. Her frå pågåande arbeid ved munningane av Råtunnelen i Rådal. Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen

Fem kjemper om skiltleveranse til E39 Svegatjørn–Rådal

Fem leverandørar konkurrerer no om ein større leveranse av skilt, styreskap og køyrefeltsignal til E39 Svegatjørn–Rådal i Hordaland.

Dei fem leverandørane er ABB AS Norge, Brødrene Dahl AS, Euroskilt AS, SIEMENS MOBILITY AS og Swarco Norge AS.

Dei fem leverte tilbod for prekvalifisering i januar 2019. Samtlege fem firma blei deretter inviterte til å levere endeleg pristilbod innan mandag 25. februar. Kontrollrekning pågår no. Resultatet av konkurransen kjem i mars.

Statens vegvesen har bede om tilbod på levering av 209 fullgrafiske skilt, 155 styreskap og 661 køyrefeltsignal, melder vegvesen.no.