På Nasjonal rassikringskonferanse i Bergen kjem sentrale aktørar frå politikk, næringsliv og interesseorganisasjonar. Illustrasjonfoto: Bente Bondhus, Nasjonal rassikringsgruppe

Ønskjer nasjonal skredsikringsplan

Korleis kan éin nasjonal skredsikringsplan for riks- og fylkesvegar bli del av neste Nasjonal transportplan? Det blir samferdselsministeren, næringsliv og interesseorganisasjonar utfordra til å svare på under Nasjonal rassikringskonferanse i Bergen.

For mange er vegen til skule og jobb utrygg på grunn av rasfare. Rassikringskonferansen handlar om kva som skal til for at folk kan ferdast trygt sjølv om vegen ligg i eit rasutsett område.

Det blir innlegg frå sentrale aktørar innan samferdsel og rassikring i Norge, mellom anna samferdselsminister Jon Georg Dale, vassdrags- og energidirektør i NVE, Anne Britt Leifseth og administrerande direktør i Norges lastebileigarforbund, Geir Mo.

Nasjonal rassikringsgruppe ønskjer ein heilskapleg, nasjonal skredsikringsplan gjennomført i løpet av 12 år. Målet er at dette blir ein del av den neste Nasjonal transportplan (NTP 2022-2033). På konferansen utfordrar dei sentrale aktørar til å sjå viktigheita av ein slik heilskapleg plan. I nasjonal rassikringsgruppe sit politikarar frå ni ulike fylke med rasutsette område.

I tillegg til innlegg frå politikarar og interesseorganisasjonar, kjem representantar frå næringslivet. På programmet er det innlegg som handlar om nye og alternative måtar å utføre rassikring på. Eit av desse er frå firmaet RoadCap. Dei har utarbeidd ein rassikringsmetode som inneber å sette opp midlertidige tunnellkonstruksjonar i område med fare for steinsprang.

Anne Gine Hestetun, fylkesordførar i Hordaland, opnar konferansen som for første gong blir arrangert i Bergen. Nasjonal rassikringsgruppe er arrangør, mens Hordaland fylkeskommune har ansvar for gjennomføringa.

Arrangementet finn stad tysdag 19. februar frå klokka 10.00 på Scandic Flesland Airport Hotel.