Foto: Statens vegvesen

Peleboringa ved Volda ferjekai er ferdig

Bygginga starta tidlig i juni i år, og prosjektleiar Olav Megrund fortel at det meste har gått som planlagt.

- Landkar for bru og kai var vi ferdige med tidlig i haust. Vi bora den siste pelen for berre nokre dagar sidan, og per i dag er om lag halve piren støypt, seier han til vegvesen.no.

Planen er at kaia skal vere ferdig støypt i mars, og klar til bruk i mai.

- Riving av den gamle kaia vil skje så fort ein har lagt over trafikken til den nye kaia. Då vil ein og starte med fyllingsarbeidet for å sikre E39/Sjøgata, seier Megrund.

Frå 20. desember blir det juleferie på anlegget.

- Vi ønskjer å takke for tolmodet til dei som bur og arbeider i området. Vi ønskjer dei, og dei ferjereisande, god jul og eit godt nytt år, seier Megrund.

Den eksisterande ferjekaia i Volda var i dårlig stand, og måtte erstattast med ei ny. Det skal også byggast ny gang- og sykkelveg langs sjøen der kaia går i dag. I tillegg skal det byggast nytt venterom med toalett, og det skal opparbeidast nytt grøntareal bak den gamle kaia.

Frå 1. januar 2020 blir det elektrisk ferje mellom Volda og Folkestad. Det er reiarlaget som skal drifte sambandet som har ansvar for å bygge infrastruktur for lading og fortøying.