Sjå video frå Brunnholen bru

Nyleg blei dei siste seksjonane på Brunnholen bru skyvde over til Godsterminalen på Nord-Jæren.

- Sjølvsagt er det ein stor merkedag når brua landa på brukaret, seier prosjektleiar Anne Margrethe Skretting i Statens vegvesen til vegvesen.no.

Nest siste skyving starta 11. desember. Den siste skyvinga blei starta 14. desember. Brunnholen bru er 248 meter lang og 25,2 meter brei.

I tillegg til brua blir det mellom anna bygd ni kulvertar, 2,2 kilometer veg og tre rundkøyringar. Totalt er det mellom 80 og 100 tilsette på prosjektet.