Ill. Statens vegvesen

Varsel om planoppstart for kommunedelplan rv. 5 Loftesnes–Kaupanger

Statens vegvesen skal i samarbeid med Sogndal kommune utarbeide ein kommunedelplan for å avklare framtidig trasé for ny riksveg 5 på strekningen Loftesnes–Kaupanger i Sogn.

Rv. 5 frå Loftesnes til Kaupanger har parti med nedsett fartsgrense og parti med sterk stigning og dårleg kurvatur. Målet med planarbeidet er å avklare ein trase for ny rv. 5 som stettar dagens krav til ein viktig hovudveg. Statens vegvesen vil då ha eit grunnlag og kostnadsoverslag for vidare planlegging, og Sogndal kommune har ein vegtrase som de kan ta omsyn til i vidare planlegging av areala i planområdet.

- Målet er å ha ein godkjent kommunedelplan våren 2020. Det ligg ikkje inne midlar til bygging av ny veg i gjeldande Nasjonal Transportplan 2017-2029, heiter det i ei melding fra Statens vegvesen.

I samband med planarbeidet skal det, i samsvar med Forskrift om konsekvensutredninger, gjennomførast ei konsekvensutgreiing for å sikre at viktige miljø- og landskapsomsyn blir vurderte. Eit utkast til planprogram ligg ute til offentleg ettersyn frå 17. desember 2018 til 5. februar 2019.