Foto: Statens vegvesen

Skyver 6.000 tonn over til Godsterminalen på Ganddal

Tysdag 11. desember blir dei siste seksjonane på firefeltsbrua skyvde over til landkaret ved Godsterminalen på Ganddal. Dette er andre gong i Norge med så store dimensjonar.

- Dette er ein stor merkedag, seier prosjektleiar Anne Margrethe Skretting i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Brunnholen er namnet på brua over Godsterminalen på Ganddal. Brua er hovudelement i prosjektet fylkesveg 505 Skjæveland–Foss Eikeland, og 25,2 meter brei og 248 meter lang. Det mest spesielle er byggemetoden. Brua blir støypt i seksjonar inne på det eine landkaret og skyvd med jekkar med millimeterpresisjon.

Arbeidsfellesskapet Bjelland/SV Betong er entreprenørar.

Incremental Launching Method
- At vi bruker ein spennande byggemetode er både interessant og lærerikt. Incremental Launching Method (ILM) er brukt i Norge tidlegare, blant anna på Gulli bru. Brunnholen bru er ei firefeltsbru, der to brukassar blir skyvd parallelt, og kopla saman etter skyvinga, forklarer Skretting.

I europeisk målestokk er det ikkje bygd ei bru med tilsvarande krumming.

- Eg er stolt og syns brua og arbeidet er veldig imponerande, innrømmer ho.

Byggeleiar bru, Kjell Gimmestad i arbeidsfellesskapet er einig. Han er ikkje så reint lite stolt han heller. Også for arbeidsfellesskapet er dette ein spesiell jobb.

Guts
- For eitt år sidan sto eg her og følte meg som ein amatør. Eg såg på pelinga for fundamenteringa og tenkte på den store jobben som låg framføre meg. Alt dette har vi fått til i lag fordi vi har flinke folk med mykje «guts og drive», fortel han stolt.

Metoden, dimensjonane – det er mykje som imponerer med Brunnholen bru:

* 46 stålrøyr er bora ned i grunnen. Fundamentering med pelar er gjort for å stabilisere grunnen. Fleire av pelane går 70 meter ned i bakken. Fagmiljøet kjenner ikkje til at det er bora så djupt før med eit røyr med diameter på 90 centimeter. Iallfall ikkje i Europa.

* Brua er 248 meter lang og 25,2 meter brei.

* Kvar seksjon som blir støypt i betongfabrikken på Foss Eikeland-sida er 26-27 meter lang.

* Til no er 16 av 18 seksjonar skyvde. Dei siste blir skyvde i midten av desember.

I tillegg til brua blir det mellom anna bygd ni kulvertar, 2,2 kilometer veg og tre rundkøyringar. Totalt er det mellom 80 og 100 tilsette på prosjektet.

Dette er første etappe av Tverrforbindelsen mellom riksveg 44 på Skjæveland og E39 på Bråstein. Tverrforbindelsen er ein del av Bymiljøpakken. Målet er å få til ei betre tilknyting mellom bustad- og næringsområder, og vegen blir ein del av den framtidige ringvegen rundt Sandnes.