Ill. Statens vegvesen

Statens vegvesen med anbefalt tunneltrasé i Rogaland

Statens vegvesen er i gang med detaljreguleringsplan og konsekvensutgreiing for fylkesveg 492, tunnel frå Espedal til Frafjord.

Reguleringsplanen blir laga i samarbeid med kommunane Forsand og Gjesdal. Statens vegvesen startar no planarbeidet og sender forslaget til planprogram på høyring i dei to kommunane.

Planprogrammet beskriv korleis Statens vegvesen gjer planarbeidet, måla for prosjektet, kva vi skal greie ut og når planleggingsarbeidet skal vere ferdig. Silingsrapporten, med anbefalt tunneltrasé, er vedlegg til planprogrammet. Målet med planarbeidet er å regulere ny veg i tunnel mellom Espedal og Frafjord, under Frafjordheiene.

- Vi skal i tillegg til tunnelen regulere 1,3 kilometer veg i Espedal og 1,4 kilometer i Frafjord. Tunnelen som blir anbefalt i silingsrapporten er rundt 5,4 kilometer lang. Vi oppmodar grunneigarar og andre som prosjektet får følgjer for å kome med synspunkt og innspel til planprogrammet, seier prosjektleiar Steinar Amundsen i Statens vegvesen til vegvesen.no.

Fristen for å komme med synspunkt og innspel er 10. januar 2018.