Røyrleggjarkostnadene opp 2,1 prosent

Byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg steig med 2,1 prosent frå desember 2004 til desember 2005. Frå november til desember i fjor var kostnadene uendra.

I perioden desember 2004 til desember 2005 auka kostnadene for sanitærinstallasjonar og varmeinstallasjonar med respektive 2,6 og 1,4 prosent.