Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Samferdselsministeren ønskjer rett bruk av fartsgrenser ved vegarbeid

- Ved vegarbeid vil det i stor grad vere lågare fartsgrenser for å vareta tryggleiken på vegen. Når arbeidet er avslutta for dagen eller veka, skal det derimot vere mogeleg å køyre i opphaveleg fartsgrense.

- No ber vi Statens vegvesen sjå på eigne retningslinjer slik at midlertidige fartsgrenser berre vert nytta når det er naudsynt, seier samferdselsminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.

Ved arbeid på vegar vert fartsgrensene ofte sett ned for å vareta tryggleiken til bilistane og arbeidarane på byggeplassen. Rett bruk av midlertidige fartsgrenser er viktig for å sikre beste mogleg framkome og for å oppretthalde respekt for dei skilta fartsgrensene.

Ifølge retningslinjene til Statens vegvesen skal nedsett hastighet på ei strekning aukast og fjernast i periodar der det er forsvarleg at trafikken går som normalt.

- Dersom det ikkje er grunnlag for å sette ned fartsgrensa, fordi arbeidet er avslutta og ingen maskiner er til hinder for vanleg trafikk, skal den ikkje settast ned. Det fører til utålmodige bilistar som i verste fall vert frustrerte og kan skape farlege situasjonar. Det må vi forhindre, seier Dale.

I eit brev til Vegdirektoratet ber difor samferdselsministeren om at direktoratet ser på retningslinjene og at skilting av nedsett fartsgrense vert praktisert i samsvar med intensjonen. Slik vil ein vareta både framkome og tryggleik. Ministeren ber òg om at avvik frå praksis vert loggført og rapportert til departementet.

Oppfølginga av dette skal rapporterast seinast 1. mars 2019.