Jon Georg Dale. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Statens vegvesen og Troms fylkeskommune skal samarbeide om betre vegar på Senja

 - Vegnettet på Senja har store utfordringar og behov for utbetringar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

- Det er behov for skredsikring og fleire strekningar har svært tronge og uoversiktlige parti. Fokk og drivsnø fører ofte til at vegane må stengast om vinteren. Samstundes blir mykje av sjømaten frå Troms og Finnmark frakta på dei smale vegane på yttersida av Senja. Vi må derfor legge til rette for at vegane er i best mogleg stand for dei som brukar den, legger Dale til.

Det meste av vegnettet på Senja er fylkeskommunalt og dermed fylkets ansvar. Statens vegvesen Region nord har satt i gang eit arbeid saman med mellom anna fylkeskommunen og næringslivet for å sjå på moglege tiltak som kan betre standarden på vegnettet. I samarbeidet inngår også næringslivet.

- Prosjektet skal skaffe oversikt over dei vanskelege tunellane og strekningane. Gjennom ei god kartlegging, vil dei kunne vurdere kva for forbetringstiltak som kan vere aktuelle. Slikt lokalt samarbeid er med på å gjere vegane i Noreg sikrare og betre, utan at det nødvendigvis kostar så mykje, seier Dale.

Prosjektet vil vurdere tiltak som bruk av intelligente trafikksystem (ITS), mindre ombyggingar av vegen og større utbetringar som flaskehalsar eller endringar i drift og vedlikehald.

Det er gjennomført møte mellom dei ulike aktørane, og eit forprosjekt blei starta opp i september. Målet er å legge fram ein detaljert tiltaksplan våren 2019