Firma | Norconsult |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Sted | Førde, Sogndal, Årdalstangen |
Søknadsfrist | 30.11.2018 |
Norconsult har i dag eit av dei sterkaste fagmiljøa innanfor arkitektur og design i Norge der landskapsgruppa utgjer nærmare 100 medarbeidarar spreidde over heile landet.
Norconsult Sogn og Fjordane har 2 dyktige landskapsarkitektar, og kontoret ønskjer å styrke landskapsmiljøet ytterlegare.
Vi har kontor i Førde, Sogndal og Årdal med tilsaman over 50 medarbeidarar. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.
Innanfor landskapsarkitektur har vi store og små oppdrag for både offentlege og private byggherrar. Vi arbeider i alle fasar i prosjekt – frå tidleg planleggingsfase til detaljprosjektering og oppfølging i byggje- og anleggsfasen. Hovedtyngda ligg innanfor prosjektering av utomhusområde for skular, barnehagar og helserelaterte bygg, leikeplassar, bustader og samferdsel. Vi jobbar også med store landskapsinngrep i samband med t.d. kraftutbygging.
Vi søkjer etter motivert og dyktig landskapsarkitekt med minst 5 – 10 års erfaring, gjerne frå rådgjevarbransjen.
Er du vår nye medarbeidar?
Dine arbeidsoppgåver vil vere:
- Planlegging og prosjektering av alle typar landskapsprosjekt, frå store offentlege anlegg til mindre private anlegg i alle fasar av eit oppdrag
- Mogelegheitstudiar og konseptutvikling
- Landskapsanalysar, konsekvensutgreiingar tema landskap og bistand inn mot kommune- og detaljreguleringsplanar
- Utarbeiding av formingsrettleiarar
- Illustrasjonsplanar t.d. til reguleringsplanar
- Detaljprosjektering av ulike typar anlegg
- Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag
- Bruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
- Tverrfagleg koordinering
- Oppdragsleiing i einfaglege og tverrfaglege oppdrag
- Oppfølging på byggeplass
- Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid
For oss er det viktig at du:
- Er utdanna landskapsarkitekt på masternivå
- Set fokus på landskapsarkitektur i alle miljø
- Har gode formgjevings- og visuelle framstillingsevner
- Har eit fagleg engasjement og er kreativ og løysingsorientert
- Har erfaring med overordna planlegging, konseptutvikling, mogelegheitstudiar, landskapsanalysar med sikte på innspel i arealplanprosessar
- Har god erfaring med 3D-modellering, visualisering og BIM
- Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
- Er fleksibel og ansvarsbevisst
- Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
- Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
Hjå oss får du:
- Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
- Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
- Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
- Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
- Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
- Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
- Gode løns- og arbeidsvilkår
- Fleksibel arbeidstid
- Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv
Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.
Kontaktperson
Tone K. Myklebust Kvåle
Kontorleiar
Tlf. +47 95807509 Send e-post
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Norconsult, Førde, Sogndal, Årdalstangen
- Fylke Sogn og Fjordane