Firma | Norconsult |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Sted | Førde, Sogndal, Årdalstangen |
Søknadsfrist | 30.11.2018 |
Ingeniørgeologimiljøet i Norconsult omfattar kring 30 sivilingeniørar, de fleste lokalisert ved hovedkontoret i Sandvika og i Trondheim. Vi vil styrke geomiljøet i Sogn og Fjordane og på Vestlandet og søkjer deg som vil vere med på vidare oppbygging av ei brei geofagleg gruppe i regionen.
Geo-gruppa i Region Vest tel i dag 12 medarbeidarar og omfattar ingeniørgeologar, geoteknikarar og miljøgeologar. Per i dag har vi to dyktige geoteknikarar ved kontoret i Sogndal.
Norconsult i Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal og Årdal med tilsaman over 50 medarbeidarar. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.
Vi søkjer etter motivert og dyktig sivilingeniør innan ingeniørgeologi, gjerne med erfaring frå rådgjevarbransjen, og med så mykje erfaring at du kan utføre oppgåver som nemnt nedanfor på ein sjølvstendig og god måte.
Er du vår nye medarbeidar?
Dine arbeidsoppgåver vil vere:
- Prosjekt- og oppdragsleiing samt fagansvar i tverrfaglege oppdrag i alle prosjektfasar
- Ingeniørgeologisk prosjektering innanfor vanlege utfordringar i tilknyting til anleggsdrift kring t.d. sikring av tunnelar/bergrom og ras/skredsikring
- Skredfarevurderingar og risikoanalysar for arealplanarbeid og byggeprosjekt
- Utarbeiding av spesifikasjonar og konkurransegrunnlag
- Synfaringar og oppfølging på byggjeplass
- Samarbeid og kontakt med eksterne aktørar
- Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid
For oss er det viktig at du:
- Har eit fagleg engasjement og god fagleg forankring
- Er kreativ, løysingsorientert med analytiske evner
- Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
- Er fleksibel og ansvarsbevisst
- Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
- Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
- Er innstilt på å ha heile Vestlandet som din arbeidsarena
- Erfaring og ferdigheiter i bruk av relevante dataverktøy
Hjå oss får du:
- Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
- Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
- Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
- Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
- Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
- Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
- Gode løns- og arbeidsvilkår
- Fleksibel arbeidstid
- Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv.
Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.
Kontaktperson
Tone K. Myklebust Kvåle
Kontorleiar
Tlf. +47 95807509 Send e-post
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Norconsult, Førde, Sogndal, Årdalstangen
- Fylke Sogn og Fjordane