Vil du bli ein del av Norges største rådgjevarmiljø innan vatn og avløp?

Norconsult er Norges største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eigd av våre over 3000 tilsette som er stasjonert på 93 kontor i heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.

FirmaNorconsult
FylkeSogn og Fjordane
StedFørde, Sogndal, Årdalstangen
Søknadsfrist30.11.2018

På landsbasis har Norconsult det største rådgjevarmiljøet innan vatn- og avløpsteknikk, med over 250 medarbeidarar.

Norconsult i Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal og Årdal. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon. Vi har i dag over 50 medarbeidarar i Sogn og Fjordane, der 6 medarbeidarar i dag utgjer eit sterkt og kompetent fagmiljø innan vatn- og avløpsteknikk.

Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Innanfor vatn- og avløpsteknikk har vi store og små oppdrag for både offentlege og private byggherrar. Vi arbeider i alle prosjektfasar – frå tidleg planleggingsfase til detaljprosjektering og oppfølging i byggje- og anleggsfasen. Oppdraga omfattar alle typar vassforsynings-, avløps- og overvassanlegg.

Vi søkjer etter motivert og dyktig ingeniør/sivilingeniør innan VA- teknikk, gjerne frå rådgjevarbransjen. Ønskjeleg med noko erfaring frå prosjektering av VA-anlegg.

Er du vår nye medarbeidar?

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Planlegging og prosjektering av vatn- og avløpsanlegg i alle prosjektfasar
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag
  • Bruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
  • Tverrfagleg koordinering
  • Oppdragsleiing i einfaglege og tverrfaglege oppdrag
  • Oppfølging på byggeplass
  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid

For oss er det viktig at du:

  • Har eit fagleg engasjement
  • Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling
  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
  • Har erfaring med 3D-modellering og BIM

Hjå oss får du:

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Send søknad

Kontaktperson

Tone K. Myklebust Kvåle

Kontorleiar

Tlf. +47 95807509 Send e-post