Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H). Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Regjeringa styrkjer dei frie inntektene til kommunane med om lag 2,6 milliardar kroner

– Regjeringa sitt budsjettframlegg for kommunesektoren i 2019 setter kommunane i stand til å fortsette å styrkje viktige velferdstenester. Det blir lagt særleg til rette for å styrkje tilbodet til rusavhengige, tidleg innsats i skulen og habiliterings- og rehabiliteringstenestene, seier kommunalminister Monica Mæland i ei pressemelding.

Kommunane har hatt mange år med sterk inntektsvekst og har oppnådd gode resultat. Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 2,6 milliardar kroner. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom til å gi betre tenester til innbyggjarane og fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

– Ein god og føreseieleg kommuneøkonomi er viktig for at kommunane og fylkeskommunane skal kunne ivareta sine oppgåver. Samstundes må kommunane bruke handlingsrommet godt og prioritere til det beste for innbyggjarane, seier Mæland.

Regjeringa foreslår at heile veksten i dei frie inntektene i 2019 går til kommunane, og at fylkeskommunane sine frie inntekter i 2019 blir haldne reelt uendra samanlikna med 2018.

Veksten i dei frie inntektene i 2019 er grunngjeve med blant anna fylgjande satsingar:

- 200 millionar kroner til eit betre tilbod til rusavhengige.

- 200 millionar kroner til tidleg innsats i skulen.

- 100 millionar koner til betre habiliterings- og rehabiliteringstenester.

Regjeringa tilrår også at 100 millioner kroner av fylkeskommunane sine frie inntekter blir gjeve med ei særskild fordeling til opprusting og fornying av fylkesvegnettet.

– Desse midlane er eit viktig bidrag til å ta att vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane og gi betre vilkår for distriktsnæringar i heile landet, seier Monica Mæland.

Les meir her:
Grønt hefte - Inntektssystemet for kommuner og fylkeskommuner

Fylkesvis oversikt

Akershus:
1,27 milliardar kroner meir i frie inntekter til Akershus neste år

Aust-Agder:
205 millionar kroner meir i frie inntekter til Aust-Agder neste år

Buskerud:
553 millionar kroner meir i frie inntekter til Buskerud neste år

Finnmark:
191 millionar kroner meir i frie inntekter til Finnmark neste år

Hedmark:
305 millionar kroner meir i frie inntekter til Hedmark neste år

Hordaland:
999 millionar kroner meir i frie inntekter til Hordaland neste år

Møre og Romsdal:
579 millionar kroner meir i frie inntekter til Møre og Romsdal neste år

Nordland:
409 millionar kroner meir i frie inntekter til Nordland neste år

Oppland:
338 millionar kroner meir i frie inntekter til Oppland neste år

Oslo:
1,27 milliardar kroner meir i frie inntekter til Oslo neste år

Rogaland:
939 millionar kroner meir i frie inntekter til Rogaland neste år

Sogn og Fjordane:
192 millionar kroner meir i frie inntekter til Sogn og Fjordane neste år

Telemark:
315 millionar kroner meir i frie inntekter til Telemark neste år

Troms:
299 millionar kroner meir i frie inntekter til Troms neste år

Trøndelag:
898 millionar kroner meir i frie inntekter til Trøndelag neste år

Vest-Agder:
367 millionar kroner meir i frie inntekter til Vest-Agder neste år

Vestfold:
502 millionar kroner meir i frie inntekter til Vestfold neste år

Østfold:
546 millionar kroner meir i frie inntekter til Østfold neste år