Kaldt ver gav høy produksjon og eksport i veke 1

Kaldt ver over store delar av Norden gav høgt kraftforbruk og auka kraftpris i den første veka i år. Dette gav høg norsk kraftproduksjon, og spesielt i byrjinga av veka var produksjon og eksport nær det maksimale på dagtid.

Høg produksjon kombinert med lave tilsig, gav ein nedgang i den norske magasinfyllinga på 3,4 prosentpoeng i løpet av veke 1. I Sverige var magasinnedgangen 3,6 prosentpoeng. Den norske magasinfyllinga er no 4,1 prosentpoeng høgare enn normalt, mens dei svenske magasina ligg 0,9 prosentpoeng lågare enn normalt. Nord Pools kraftpris for Sør-Noreg var 29,7 øre/kWh i veke 1. Det er 10,7 øre/kWh høgare enn på same tid i fjor, sjølv om magasinfyllinga var høgare. I år er det likevel mindre snø i fjellet enn på same tid i fjor. Ved den tyske kraftbørsen var prisen 42,9 øre/kWh i veke 1. Prisen var dermed over 20 øre/kWh høgare enn i same veke i fjor. Høgare brenselprisar for varmekraftbasert produksjon og pris på CO2, samt kaldare ver i år er noko av forklaringane til endringane