Frya-Sjoa er et av prosjektene som er nominert.

Sju finalistar til Vakre vegars pris

Juryen har plukka ut sju finalistar som kan få Vakre vegars pris.

Av 40 forslag rundt om i landet har juryen no valgt ut sju vegar som skal kjempe om å bli den vakraste vegen.

– Det er eit stort spenn blant årets finalistar som alle er gode forbilde. Frå dei store vegprosjekta til gater der ein håndterar overvatn. Prosjekta er gode både når det gjeld store grep og detaljar. Det er artig å sjå kor høgt nivået er, vi er verkeleg imponerte.

Det seier Alf Støle og Sunniva Schjetne i Statens vegvesen som er fagsekretariat for juryen. I år er det 30 år sidan prisen vart delt ut for første gang. Det er førebels ikkje avklart når vinnaranlegget vert offentleggjort, men her er finalistane:

  • E6 Frya – Sjoa
  • E6 Kolomoen – Minnesund
  • E105 Hessing – Storskog
  • Gladengveien på Ensjø i Oslo
  • Deichmansgate i Oslo
  • Holmestrand stasjon
  • Hovedgata-Holgata i Tvedestrand

Viktig er evna til å forstå både landskap og vegplanlegging og at kompetansen er brukt i alle trinn – frå planlegging til bygging.

– Resultat må og vitne om respekt for omgjevnadane og ivareta trafikktryggleiken, understrekar Schjetne og Støle.