Oppdraget gjeld bygging av alle elektrotekniske anlegg, styring, regulering og overvaking for heile E39 Svegatjørn–Rådal.
Bergen og Asker
Arbeidet skal utførast av arbeidsfellesskapet Magnus M.Thunestvedt AS i Bergen og ABB AS i Asker.
Det har vore ein grundig prosess før ein kom fram til signering av kontrakt. Tilbodsopninga var for eitt år sidan. Sidan har saka vore oppe to gongar i Oslo byfogdombod, før Statens vegvesen nyleg vann fram i retten, og kunne signere kontrakt torsdag.
Over 400 kamera
Kontrakten inneheld ikkje mindre enn 125 kilometer med el-kablar, 100 kilometer med fiber-nett, 5.330 lysarmaturar og 1.150 ledelys i tunnel. Dessutan blir det 550 opplyste skilt, over 400 kamera, 260 naudtelefonar og over 100 ventilasjonsvifter.
Arbeidet vil venteleg ta til i Skogafjellstunnelen i Os, der entreprenøren er komen lengst med innreiinga av dei to tunneløpa.
- Nøkkelord
- Anlegg
- Statens vegvesen
- Kontrakter