Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

IVAR IKS får løyve til uttak av vatn frå Birkelandsvatnet

NVE gjev IVAR IKS løyve til uttak av drikkevatn frå Birkelandsvatnet i Bjerkreim kommune. Det skal sikre tilstrekkelege mengder drikkevatn til Stavangerregionen med forventa folketalsauke til 500.000 personar fram mot 2050.

Løyvet gjeld eit vassuttak på inntil 2,5 m3/s frå Birkelandsvatnet. Uttaket frå Birkelandsvatnet er forventa å auke gradvis frå ca. 1,4 m3/s etter oppstart av anlegget, til opp mot eit maksimalt uttak på 2,5 m3/s i år 2050. For å sikre tilstrekkeleg drikkevatn og minstevassføring i tørre periodar, vil IVAR tappe vatn frå dei regulerte vatna Stølsvatn og Romsvatn til Birkelandsvatnet innanfor den konsesjon IVAR allereie har.

- NVE legg vekt på at Mattilsynet som faginstans vurderer Birkelandsvatnet som ei svært sikker kjelde. Mattilsynet har godkjent Birkelandsvatnet som vasskjelde utan klausulering, og meiner at gjeldande lover og regelverk vil skjerme kjelda for uheldig påverknad og ureining i uoverskodeleg framtid. NVE legg difor til grunn at tiltaket ikkje vil føre til auka restriksjonar eller vesentleg endring i arealbruken, heiter det i ei pressemelding.

Bjerkreimsvassdraget er eit verna vassdrag og har status som nasjonalt laksevassdrag. 

- NVE legg stor vekt på at dei viktigaste gyte- og oppvekstområda for laks og sjøaure framleis vil vere intakte, og at uttak av vatn i liten grad vil påverke vassføringa nedover i vassdraget. Det er sett krav om slepp av 2,5 m3/s minstevassføring frå Birkelandsvatnet. NVE vurderer at tiltaket vil ha avgrensa verknader for fisk og ferskvassbiologi. NVE legg vidare vekt på at tiltaket i liten grad vil påverke allmenne interesser og verdiar som ligg til grunn for vern av vassdraget, melder NVE.

NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for allmenne og private interesser, og gjev difor løyve til uttak av drikkevatn frå Birkelandsvatnet på nærare fastsette vilkår.

IVAR IKS (interkommunalt vann, avløp og renovasjon) er eigd av kommunane Finnøy, Gjesdal, Hå, Klepp, Kvitsøy, Randaberg, Rennesøy, Sandnes, Sola, Stavanger, Strand, Time og Hjelmeland.