<p>Foto: Bettina Gerti Gross/PNC</p>Foto: Bettina Gerti Gross/PNCFoto: Ole Kristian Åset/Statens vegvesenFoto: Bettina Gerti Gross/PNCFoto: Bettina Gerti Gross/PNCFoto: Bettina Gerti Gross/PNCFoto: Arve BrekkhusFoto: Arve BrekkhusFoto: Arve BrekkhusFoto: Arve BrekkhusFoto: Arve Brekkhus

Fredag er det offisiell opning av Loftesnesbrui i Sogndal

Fredag 24. august klokka 17.30 blir det offisiell opning av Loftesnesbrui i Sogndal. 

Opninga føregår på det nye friområdet på Loftesnes-sida av brua.

Etter rundt 2,5 års byggetid står den nye Loftesnesbrui ferdig. Brua og rundkøyringa betrar trafikktryggleiken og gjer at trafikken i eit viktig kryss i Sogndal glir lettare. Med ein brei gang- og sykkelveg blir dei mjuke trafikkantane godt tatt vare på, og dette var eit stort sakn på den gamle brua der ein berre hadde eit 70 cm breitt fortau å gå på.

Konstruksjonen har alt gjort seg bemerka utanfor Noreg sine grensar. Brua er ein av fire finalistar i sin klasse under European Steel Bridge Awards som skal delast ut i Praha i september.

Den offisielle opninga blir gjort av statssekretær Brage Baklien.

Det er eit arbeidsfellesskap mellom PNC Norge og Aurstad som har bygd brua. Die sikret seg jobben i november 2015, og kontrakten har ein verdi på 238 millioner kroner eks. mva., mens heile prosjektet har en kostnadsramme på cirka 400 millioner kroner (2017-kroner) inkl. mva.

Den nye Loftesnesbrui er ei nettverksbogebru med sidespenn, som er fundamentert på peler. Brua er designa slik at den er både moderne, men likevel også skal gje assosiasjoner mot den gamle og slanke brukonstruksjonen. Den nye brua er designa av Statens vegvesen, ÅF Engineering og pka ARKITEKTER ved Sveinung Jørum og har gitt innfarten til bygda ein heilt ny identitet.

Ved sida av den 194 meter lange nettverksbogebrua med sidespenn, består prosjektet også av ein rundkjøring, 600 meter veg – med gang og sykkelveg samt 200 meter sekundærveg.

Like etter opninga av brua blir det også opning av den nye fjordstien i bygda.