Opnar nytt kryss i Randaberg

Fylkesvaraordførar Marianne Chesak opnar det nye krysset mellom fylkesveg 474 Goaveien og fylkesveg 476 Kyrkjeveien tysdag 21. august.

Statens vegvesen og Rogaland fylkeskommune har gleda av å invitere til opninga av det nye krysset i Randaberg tysdag klokka 11:00.

- Nå er det mogleg å krysse Goaveien og Kyrkjeveien på ein sikker måte for både bilar og mjuke trafikantar, seier prosjektleiar Dirk Rauch i Statens vegvesen.

Rygg maskin fekk kontrakten til 23 millionar kroner våren 2017. Dette er litt av det som er gjort:

- To undergangar. Ein under fylkesveg 474 Goaveien, den andre under Kyrkjeveien

- Ny rundkøyring

- Fleire avkøyrsler er fjerna

- To busslommer

- Har bygd 180 meter med støyskjerm

- Flytting av kablar, omlegging og nye vatn- og avløpsleidningar for kommunen

- Det mest utfordrande har vore høgspentkablar, sprenging langs Kyrkjeveien og trafikkavviklinga. Samarbeidet og dialogen med entreprenøren har vore godt, fortel prosjektleiaren.