Konstruksjonen ved nordenden av Råtunnelen på Nordås, retning mot Bergen sentrum. Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen

Planlegg storstøyp på E39

Vegvesenet bygger stort på Nordås. Portalområdet for Sørås- og Råtunnelane vil gi den største dekkestøypen i prosjektet.

Ettermiddags-trafikantane sørover kan registrere at vegkontruksjonen for E39 Svegatjørn–Rådal veks for kvar veke. Entreprenørane har vore i gang her eit halvt års tid. Dei skal etter planen legge dekkestøypen i løpet av november i år, skriv Vegvesenet i ei melding.

Femti timars støyp

Med sine 2.000 kubikk blir dette altså den desidert største av mange store dekkestøypar på motorveg-prosjektet mellom Nordås i Bergen og Svegatjørn i Os kommune. Jobben blir gjort i ein kontinuerleg støyp over mellom 45 og 50 timar. Betong-leveransen kjem frå Bergen. Operasjonen vil ikkje gi hindringar for trafikken på rv. 580 Fritz C.Riebersveg–Søndre innfartsåre til og frå Bergen.

Ferdig armering

Konstruksjonen inneheld totalt 5.500 kubikk med betong. Totalvekta på armeringa er 910 tonn. All armering blir levert byggeplassen ferdig bøygd og kappa.

Arbeidet har så langt gått utan uhell. Statens vegvesen er nøgd med fokusering på helse, miljø og tryggleik på byggeplassen. Det same gjeld den faglege kvaliteten til entreprenørane. Implenia er hovudentreprenør og Haugholt underentreprenør på den store Nordås-konstruksjonen.