Byggjeleiar Kari Bremnes i Statens vegvesen (t.h.) orienterte samferdsleminister Ketil Solvik Olsen (t.v.) og regionvegsjef Helge Eidsnes om framdrifta på E39 Svegatjørn-Rådal. Foto: Geir Brekke)

Ketil Solvik Olsen besøkte E39 Svegatjørn–Rådal

Samferdsleminister Ketil Solvik Olsen hadde torsdag synfaring til E39 Svegatjørn–Rådal. Han fekk sjå stor aktivitet.

Statsråden er på Norges-tur med bil, tog og ferje. Torsdag morgon sto motorvegprosjektet E39 Svegatjørn–Rådal på programmet, før turen gjekk vidare med E39-ferja frå Halhjem til Sandvikvåg.

Stor aktivitet

Statsråden lot seg imponere over stor aktivitet på veganlegget lengst sør på strekninga. Mange ulike anleggsoppgåver er under gjennomføring. Store stein- og pukkhaugar ligg i Endalausmarka. I Skogafjellstunnelen er det tunnelinnreiing som pågår. Fleire bruer krysser den komande E39-lina gjennom området. Det er arbeid med sidearealet langs vegen. Det er ikkje minst stor trafikk med stein- og jordmassar gjennom anleggsområdet.

Gjennomslag

Botnmassar i tunnelen blir sortert på ein del av anleggsområdet. Noko er ureina og blir levert til eige deponi. Dei gode massane blir brukt til vegoppbygging i tunnelane, seier byggjeleiar Kari Bremnes i Statens vegvesen, som orienterte statsråden og hans følgje på synfaringa. Ho fortalde at det blir første gjennomslag i den 9,2 km lange Lyshorntunnelen etter sommarferien. Siste gjennomslag i same tunnelen blir ut på våren 2019.