Planseksjonen søker planleggingsleiar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

FirmaStatens vegvesen
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist20.06.2018

I Statens vegvesen Region vest, Ressursavdelinga, har vi ledig stilling som planleggingsleiar ved planseksjonen på Leikanger. Er du samfunnsengasjert og ønskjer å bruke din kompetanse til å påverke val og utforming av vegprosjekt, kan vi by på mange utfordringar. For å få utarbeidd kommunedelplanar og reguleringsplanar for mellom anna E39 dei komande åra, treng vi ein erfaren planleggar.

Vi på planseksjonen har ansvar for å leie planlegginga av store og små investeringsprosjekt i Region vest. Prosjekta varierer frå store veganlegg på riks- og fylkesvegnettet til bygateprosjekt, miljøgateprosjekt, gang- og sykkelvegtiltak, trafikksikringstiltak, støyskjerming, m.m. Planseksjonen på Leikanger er eit samla fagmiljø med 20 medarbeidarar med kompetanse innan planprosjektleiing, vegplanlegging, landskap og arkitektur, arealplanlegging, natur- og kulturmiljø.

Arbeidsoppgåver:

  • styre planprosjekt (koordinere planprosessar etter plan- og bygningslova)
  • styre tverrfagleg prosjektgruppe
  • utarbeide reguleringsplanar og kommunedelplanar
  • gjennomføre konsekvensutgreiingar
  • engasjere og styre konsulentoppdrag
  • planlegge vegar og gater

Kvalifikasjonskrav og bakgrunn:

  • utdanning frå universitet eller høgskule fortrinnsvis innan veg-/areal-/transportplanlegging
  • erfaring/kompetanse innan planlegging/prosjektering av vegar og tunnelar, offentleg forvaltning og planlegging etter Plan- og bygningslova.
  • ønskjeleg med erfaring i bruk av dataverktøy (AutoCAD, NovaPOINT, GisLine, ArcGis, m.fl.)
  • er flink til å uttrykke deg skriftleg og munnleg på norsk
  • Førarkort kl. B

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Anna kompetanse vi vektlegg:

  • er glad i faget ditt og resultatorientert
  • kan styre, koordinere og samordne oppgåver
  • er god til å samarbeide med andre
  • har erfaring som prosjektleiar/planleggingsleiar
  • er analytisk og kan sjå problemstillingar frå fleire vinklar

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi at den vert godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode muligheiter for fagleg påfyll
  • bedriftshytter/bedriftsidrettslag

Løn avtalast nærare i samsvar med vår lønnspolitikk.

Kontaktperson og søknad

Kontaktperson

Meir informasjon om stillinga og arbeidsoppgåvene kan du få ved å kontakte seksjonsleiar Ellen Slinde på tlf. 57655795 / 99203238 eller e-post: ellen.slinde@vegvesen.no.

Søknad

Statens vegvesen jobbar for likestilling og mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar av begge kjønn, frå alle aldersgrupper og frå ulike etniske grupper og nasjonalitetar. Personar med redusert funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje vil vi varsla søkjar om dette.

Søk stilling

Vis flere stillinger: