Byggjeleiar, Stord/Bømlo

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

FirmaStatens vegvesen
FylkeHordaland
StedStord eller Bømlo
Søknadsfrist04.06.2018

Vegseksjon Nord,- Midt- og Sunnhordland har ledig stilling som byggjeleiar på investeringsprosjekt. Seksjonen løyser store og små investeringsprosjekt, samt har ansvar for vedlikehald av riks- og fylkesvegane i vårt geografiske område.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer byggjeleiar med god forståing for byggjeleiarrolla. Du vil få hovudansvar for teknisk og økonomisk gjennomføring av små og store investeringsprosjekt og må derfor ha fagleg tyngde, samt kunne kommunisere og samarbeide godt med grunneigarar, konsulentar, entreprenørar og dei andre i prosjektet.

Dei største prosjekta ligg i bompengepakkane våre og i Sunnhordland har vi fleire bompengepakkar, blant anna Bømlopakken og Stord Vestside.

Hovudoppgåver

  • Ta del i prosjekteringsarbeidet og utarbeide konkurransegrunnlag for prosjekt
  • Ta del i anbodsprosess
  • Delta aktivt i helse, miljø og tryggleiksarbeid (HMS)
  • Rapportera og følgje opp kvalitet, framdrift og økonomi
  • Følgje opp entreprenøren sitt kontraktarbeid
  • Avslutte og følgje opp at tiltak blir gjennomført og dokumentert
  • Kontakt med kommunar og grunneigarar
  • Leie teamet av kontrollingeniørar og administrativ byggherrestøtte

Som byggeleiar vil du styre byggeprosjektet gjennom regelmessige byggmøter og elles ha den daglege kontakten med entreprenør.

Kvalifikasjonar og bakgrunn

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, gjerne innan bygg-/ arealplanlegging eller tilsvarande relevant fagretning. Med stort fokus på og krav til økonomistyring, kan ein tilleggsutdanning innan økonomi vere ein fordel i denne stillinga. Om du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning, kan vi fråvike kravet om høgare utdanning.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi ønskjer at du har operativ erfaring frå både vegbygging og leiing av større eller mindre bygg - og eller anleggsprosjekt, anten frå privat - eller offentlig verksemd. Du trivast med å skape resultat saman med andre, er tydeleg, løysingsorientert og har stå-på-vilje for å få oppgåvene gjennomførd.

God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne er viktig, samt generelt gode datakunnskapar. Førarkort kl. B er naudsynt.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktperson:

Om du ønskjer meir informasjon om stillinga kan du kontakte Gunhild Vangsnes på tlf. 55 51 68 34.

Søk stilling

Vis flere stillinger: