Seniorarkitekt/seniorrådgjevar

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) er eit nasjonalt kompetansesenter for bustad- og byggkvalitet. Vi er sentral myndigheit for det bygningstekniske regelverket, fører tilsyn med byggevarer og driv ordninga for sentral godkjenning. DiBK skal være ein pådrivar for å fremja god byggkvalitet. Direktoratet er underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Vi er 90 tilsette og har kontor i Oslo og Gjøvik.

FirmaDirektoratet for byggkvalitet (DiBK)
FylkeOslo
Søknadsfrist31.05.2018

Seniorarkitekt/seniorrådgjevar - Arkitektur og byggjeskikk

Stillinga er plassert i avdeling for byggjereglar og digitalisering. Avdelinga er ansvarleg for formidling av gjeldande regelverk og kva som dannar grunnlaget for god byggkvalitet, samt rådgjeving og regelverkstøtte til kommunar, byggjenæring og publikum. Oppfølging av ByggNett-strategien og utvikling av nye digitale løysingar er sentrale arbeidsområde for avdelinga. Avdelinga har kontor i Oslo.

Nye tider set nye krav til byggkvalitet, både den opplevde i dei nære omgjevnadene våre, og den målbare – kva som står seg over tid. Direktoratet ønskjer å styrke si rolle som kompetansesenter. Vi skal fremje god byggkvalitet i samsvar med regelverket, men og kvalitetar som strekker seg utover regelverket, ved mellom anna å vurdere funksjonelle løysingar og alternative utformingar.

Endringar i klima stiller byggsektoren overfor store utfordringar i tida framover, som fører med seg auka krav til kvalitet for vår bygningsmasse. Dette vil påverke korleis og kvar vi byggjer, korleis vi gjennomfører byggjeprosessen og korleis vi tek vare på eksisterande bygningar.

For å styrke arbeidet vårt med byggkvalitet søkjer vi ein ny medarbeidar som vil vere ein sentral fagperson som særleg kan bidra med kompetanse innan arkitektur og byggjeskikk.

Du vil bli del av det spanande fagmiljøet vårt som utviklar kunnskap om byggsektoren, effektar av regelverket og samanhengen mellom ulike bygningspolitiske verkemiddel.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra med å utvikle ein strategi for direktoratet sitt arbeid med byggkvalitet med arkitektur- og byggjeskikkfagleg kompetanse.
  • Utvikle kunnskap om korleis byggjereglar og andre verkemiddel fremjer god byggkvalitet.
  • Delta i arbeid med å utvikle brukarretta verktøy og informasjon.
  • Samarbeide med andre statlege styresmakter, kommunar, forskingsmiljø og byggjenæringa.
  • Rettleie og bidra til å byggje kompetanse om byggkvalitet og byggjeskikk til kommunar, til ulike aktørar i byggjenæringa og til byggeigarar.

Kvalifikasjonar

  • Du må ha utdanning på mastergradsnivå eller tilsvarande, fortrinnsvis innan arkitekturfag, samt relevant arbeidserfaring.
  • Du bør ha kunnskap om plan- og bygningslova og byggteknisk forskrift.
  • God digital forståing vil bli lagt vekt på.
  • Erfaring frå prosjektarbeid.
  • Erfaring frå offentlege anskaffingar er ønskeleg.
  • Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg.

Utdanningsretning

  • Arkitekt

Utdanningsnivå

  • Høgskule / Universitet, Hovudfag / Mastergrad

Personlege eigenskapar

  • Du har eit fagleg engasjement og har interesse for å bidra til utvikling av gode bu- og byggkvalitetar og berekraftige bygg.
  • Du har god samfunns- og rolleforståing og kan vurdere heilskap og samanhengar.
  • Du trivst med å byggje relasjonar både internt og eksternt og har evne til å samarbeide på tvers av fagområde.

Vi tilbyr

  • Ei fagleg utfordrande stilling i eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø innan bygningsteknikk, jus og digitalisering.
  • Høve for fagleg utvikling og tilgang til eit stort fagleg nettverk, både nasjonalt og internasjonalt.
  • Direktoratet følgjer staten sine arbeidstidsordningar og har ein god personalpolitikk. Arbeidsstad er i dei moderne og hyggelege lokala våre sentralt i Oslo.
  • Løn etter kvalifikasjonar som seniorarkitekt/seniorrådgjevar 600 000 – 750 000 etter lønsregulativet i staten. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert.
  • Stillinga gjev medlemskap i Statens Pensjonskasse med ei god tenestepensjonsordning, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring og høve til bustadlån etter reglar fastsette av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
  • Vi er opptekne av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne og etnisitet.
  • Direktoratet er omfatta av reglar i offentlighetslova om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar vil bli varsla før eventuell offentleggjering skjer.

Kontaktperson

Frode Grindahl

Avdelingsdirektør

Telefon 920 91 456

Søk stilling

Vis flere stillinger: