Aerodynamikar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet.

Vi er ein stor samfunnsaktør medca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

FirmaStatens vegvesen
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist01.06.2018

Vi skal bygge bruer som verda aldri før har sett. Vil du vere med?

Utviklingsprosjekt Fjordkryssing i Ferjefri E39 søker no etter Aerodynamikar

Utviklingsprosjekt Fjordkryssing er Statens vegvesen si særkilde eining for utvikling av brukonsept for ekstreme fjordkryssingar. Vi jobbar blant anna med utvikling ulike rørbru- og flytebrukonsept for kryssingar langs E39, herunder Bjørnafjorden sør for Bergen. Dette er breie og djupe fjordar, og vi står ovanfor utfordringar som Noreg ikkje har hatt sidan utviklinga av industrien i Nordsjøen.

I Utviklingsprosjekt Fjordkryssing er vi allereie 17 personar som jobbar med prosjektet på fulltid. Av desse er 9 i Stavanger, to i Bergen og ein i Leikanger og 5 i Oslo.

Arbeidsstad for denne stillinga er fortrinnsvis i Stavanger, men Bergen og Leikanger er også mogleg. For spesielt godt kvalifiserte kandidatar kan også Oslo være aktuelt.

Ansvar og arbeidsoppgåver

For kryssing av fjordar langs E39 er det svært aktuelt med lange fleksible brukonstruksjonar som i stor grad blir påverka av vindlaster. Vi ønsker at du i hovudsak fokuserer på arbeid knytta til aerodynamikk på bruene vi jobbar med, ikkje minst for bru over Bjørnafjorden som er ein kombinasjon av flytebru og skråstagbru.

Ansvar og arbeidsoppgåver vil bli:

  • Utarbeiding samt fagleg og kontraktsmessig oppfølging av vindtunnelforsøk
  • Ansvarlig for vinddelen i Design basis for Bjørnafjordbrua, herunder aerodynamiske deriverte
  • Fagleg oppfølging av vinddel på relevante konsulentoppdrag
  • Utføre beregninger og utsjekker knytta til aerodynamikk-tema på bruene
  • Følge opp eksisterande og sette i gang nye FoU-prosjekt knytt til aerodynamikk i fjordar langs E39
  • Faglig oppfølging og veiledning av kollegaer innen aerodynamikk
  • Samhandle med resten av Ferjefri E39 prosjektet

Vi treng også at du er med på å utvikle strategiar for vidare arbeid og framdrift innan ditt fagfelt. Det er viktig for oss å spre den nye kunnskapen vi jobbar fram.

Dersom du blir med oss vil du samarbeide med svært dyktige fagfolk frå inn- og utland, i og utanfor Vegvesenet. Du har unike muligheiter til å utvikle fagkompetansen din og til å påverke fagmiljøet. Vi samarbeider med universiteta NTNU, Chalmers og UiS om forskingsprosjekt, og vi er opne for å tenke PhD saman med deg om du ynskjer det.

Vi søkjer deg med

  • Mastergrad eller doktorgrad innan konstruksjonsteknikk, marinteknikk, aerodynamikk, eller anna relevant fagfelt
  • Minimum 5 års relevant erfaring innen aerodymanikk, evt. også fluiddynamikk
  • Erfaring med, eller god kjennskap til aerodynamiske berekningar for fleksible bruer
  • Erfaring med vindtunnelforsøk og evt. fluiddynamikkforsøk

Det er en fordel om du også har erfaring med strukturberekningar, og om du her erfaring med hengebruer.

Vi legg vekt på at du

  • er initiativrik og sjølvdriven i arbeidet
  • engasjerer og skaper entusiasme blant kollegaene dine
  • har evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og strukturert
  • har høve til å kunne reise i jobben
  • har god munnleg og skriftleg uttrykksform, både på norsk og engelsk

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll
  • høve til vidareutdanning

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Søknad

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Meir utfyllande informasjon om stillinga og arbeidsoppgåvene kan du få ved å kontakte prosjektleiar Mathias Eidem på e-post mathias.eidem@vegvesen.no.

Søk stilling

Vis flere stillinger: