Landskapsarkitekt i Stavanger

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet.

Vi er ein stor samfunnsaktør medca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

FirmaStatens vegvesen
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist27.05.2018

Bli landskapsarkitekt i Stavanger

I Rogaland er det mange samferdselsprosjekt, mellom anna i Bussveien, Bypakke Nord-Jæren og Haugalandspakken. Statens vegvesen har ansvar for planlegging og prosjektering av desse prosjekta, og treng dyktige fagfolk for å møte den auka arbeidsmengda. Vil DU vera med og utvikla samferdselsnettet i regionen?

På Ressursavdelinga har vi ledig stilling som landskapsarkitekt ved Planseksjonen i Stavanger. Er du samfunnsengasjert og ønskjer å bruke din kompetanse til å påverke val og utforming av vegprosjekt, kan vi by på mange utfordringar.

Planseksjonen har ansvar for å leie planlegginga av store og små investeringsprosjekt i Region vest. Prosjekta varierer frå store veganlegg på riks- og fylkesvegnettet til bygateprosjekt, miljøgateprosjekt, gang- og sykkelvegtiltak, trafikksikringstiltak, støyskjerming, miljøtiltak m.a.

Planseksjonen i Stavanger er eit samla fagmiljø med over 50 medarbeidarar med kompetanse innan planprosjektleiing, vegplanlegging, landskap og arkitektur, arealplanlegging, natur- og kulturmiljø.

Arbeidsoppgåver

Landskapsarkitektane i Statens vegvesen har moglegheit for påverknad av vegplanlegginga.

Arbeidsoppgåver kan mellom anna vere:

  • jobbe med landskapstilpassing og estetisk utforming av vegar
  • lage landskapsanalysar og skildrande tekst til reguleringsplanar
  • lage skisser/illustrasjonar
  • jobbe med visualisering av vegprosjekt
  • prosjekt innan alle fasar - frå skisseprosjekt til oppfølging i byggjefasen
  • utarbeide teikningar , 3D-prosjektering og konkurransegrunnlag
  • leige og styre konsulentar

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning frå høgskule eller universitet på bachelornivå, min. 3 år innan landskapsarkitektur eller landskapsplanlegging
  • vi vil gjerne at du har erfaring frå modellbasert planlegging innan veg og gateplanlegging
  • har du talent for og erfaring med visualisering så har vi mange oppgåver til deg
  • førarkort kl. B

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan ein fråvike kravet til utdanning.

Vi ynskjer at du er

  • glad i faget ditt og resultatorientert
  • god til å samarbeide med andre
  • villig til å videreutvikle fagmiljøet
  • kreativ og analytisk. Kunne sjå problemstillingar frå fleire vinklar
  • flink til å uttrykke deg skriftleg og munnleg
  • god til å styre, koordinere, samordne og gjennomføre oppgåver
  • god til å prioritere og skifte raskt mellom fleire ulike prosjekt og oppgåver

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og kompetent fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Søknad

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje vil vi varsla søkjar om dette.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert omsetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Meir utfyllande informasjon om stillinga og arbeidsoppgåvene kan du få ved å kontakte seksjonsleiar Linda K. Longfjeld på e-post linda.longfjeld@vegvesen.no.

Søk stilling

Vis flere stillinger: