Saksbehandlar arealforvaltning

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

FirmaStatens vegvesen
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist10.06.2018

Vi søker saksbehandler med ansvar for arealforvaltning

I Statens vegvesen Region vest ved Plan og forvaltningsseksjonen i Stavanger, har vi ledig stilling som saksbehandler av søknader og andre forvaltningsoppgåver.

På seksjonen, som høyrer til Vegavdeling Rogaland, er vi 24 engasjerte og dyktige medarbeidarar med brei fagleg bakgrunn. Vi dekker et spekter av saksområder innanfor forvaltning av vegnettet. Vi har fagkompetanse og oppgåveansvar innanfor kollektiv-, gang- og sykkeltiltak, miljøtiltak og trafikksikringsarbeid. Vi utfører skiltvedtak, gir uttalar til kommunale arealplanar og forvaltar vegnettet etter Vegloven. I tillegg står seksjonen for planlegging av riks-/og fylkesvegprosjekter på alle plannivå i Sør-Rogaland.

Arbeidsoppgåver

Statens vegvesen har ansvar for at planlegging skjer med omtanke for menneske og miljø, samstundes som vi skal sikre at trafikantar skal komme trygt og effektivt fram. Du skal være med å ta ansvar for trafikksikkerheita og utviklingen av vegnettet vår i samarbeid med brukere, kommuner, m.fl.

Følgjande arbeidsoppgåver er aktuelle:

  • Behandle søknader om byggetiltak innenfor byggegrense langs fylkesveg og riksveg
  • Oppfølging av ulovlige byggetiltak langs veg
  • Rådgiving til eksterne
  • Samarbeid med andre seksjonar og avdelingar i SVV
  • Andre mulige oppgåver saksbehandlingsoppgåver

Kvalifikasjonskrav

  • Du har relevant utdanning frå høgskole/ universitet
  • Du kan vise til erfaring innanfor offentlig forvaltning
  • Du har god kjennskap til plan- og bygningslova og/eller Veglova

Det er vidare ynskjeleg at du har:

  • Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg
  • Fokus på å finne gode løysingar
  • Samarbeidsevner
  • Blikk for detaljar og kunne sjå desse i ein større samanheng

For søkjarar med sterk og allsidig praksis frå det aktuelle fagområdet, eventuelt med etterutdanning og gode personlege føresetnadar for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Norsk er arbeidsspråket i Statens vegvesen. Du må kunne ordleggje deg godt skriftleg og munnleg på norsk, slik at du kan utføra arbeidsoppgåvene sjølvstendig.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Søknad

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

For nærare informasjon om stillinga kan du kontakte seksjonsleiar Irene Hegre, irene.hegre@vegvesen.no, tlf 51 91 15 69/ 97976295.

Søk stilling

Vis flere stillinger: