Byggforvaltar/innkjøpar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

FirmaStatens vegvesen
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist21.05.2018

Bygg- og eigedomsseksjonen

I Statens vegvesen, Region vest har vi ledig stilling som byggforvaltar ved vår Bygg- og eigedomsseksjon. Seksjonen har fem tilsette og har ansvaret for å forvalte, drifte og vedlikehalde ca. 65 000 m2 eigd og leigd bygningsmasse i regionen. Bygga omfattar m.a. kontorlokale, trafikkstasjonar og kontrollstasjonar.

Kontorstad for stillinga vil vere Leikanger.

Arbeidsoppgåver:

Som byggforvaltar/innkjøpar vil du få ansvar for forvaltning, kjøp og drift av bygg med tilhøyrande utstyr. Du skal gjennomføre anbudskonkurransar, delta i forhandlingar, implementere og følge opp enkeltkjøp og rammeavtalar. Vidare skal du følge opp budsjett for eigen byggportefølje og gjennomføre nødvendige drifts- og vedlikehaldstiltak i samarbeid med brukarar og huseigarar.

For å kunne løyse desse oppgåvene vil det vere særs viktig at du har lang erfaring innan forhandling og anskaffelse, enten frå privat eller offentleg sektor. Dessutan må du ha god byggteknisk innsikt og erfaring som byggjeleiar eller tilsvarande.

Kvalifikasjonar:

Du må ha 3-årig utdanning frå universitet eller høgskule innan relevante fag, som til dømes byggtekniske fag og anskaffelse. Det er også ønskeleg at du har kompetanse innan jus og/eller økonomi. Dersom du har sterk og allsidig praksis frå desse fagområda og relevant etterutdanning kan vi fråvike kravet om høgare utdanning.

Om du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Meir om oss og stillinga:

Seksjonen har eit stort ansvarsområde og høgt aktivitetsnivå, og stillinga krev at du har stor arbeidskapasitet og kan løyse oppgåvene dine med sjølvstende, struktur og nøyaktigheit. Med stort fokus på kontrakt- og budsjettoppfølging krevst det at du har god økonomisk forståing, i tillegg til kjennskap til eller erfaring frå arbeid med regelverk knytt til offentlege anskaffelsar.

Du vil sitje i forhandlingar med leverandørar og du vil ha mykje kontakt med både interne og eksterne samarbeidspartar. Det er difor viktig at du er trygg på deg sjølv og har gode kommunikasjonseigenskapar, både munnleg og skriftleg. Gode IKT kunnskapar er også viktig sidan vi jobbar med FDV og andre system for å følgje opp eigedomsmassen vår. Førarkort kl. B er naudsynt.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen vert du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Vi tilbyr også desse goda:

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskular og gode høve til fagleg påfyll

Lønna vert avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Kontaktperson:

Dersom du har spørsmål om stillinga eller arbeidsoppgåvene, kan du ta kontakt med seksjonsleiar Jan-Erik Hansen på telefon 94804941.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk stilling

Vis flere stillinger: