Ill. Statens vegvesen

K. Nordang AS skal bygge ny ferjekai i Volda

Statens vegvesen har skrive kontrakt med K. Nordang AS for bygging av ny ferjekai i Volda. Kontrakten er på 70 millionar kroner (utan mva).

- Vi har hatt samhandling med entreprenøren og dei vil starte med forberedane arbeid fyste uka i mai, fortel prosjektleiar Olav Megrund i Statens vegvesen.

K. Nordang har med seg Volda Maskin AS til å utføre grunnarbeida, fyllinga i sjøen og utbetringa av Sjøgata.

Ferjene vil gå som normalt i anleggsperioden. Reisande vil likevel merke arbeida ved at det blir færre oppstillingsplassar og at deler av dagens kai blir inngjerda. Arbeida skal vere ferdig 1. januar 2020. Da skal det settast inn elektrisk ferje på sambandet.

Dette skal gjerast:
* Bygging av ny og større ferjekai, med moglegheit til liggekai på utsida av kaia. Den nye ferjekaia får ei lengde på 108 meter og skal byggast omtrent fem meter frå landkaret på den gamle kaia.

* Bygging av ny gang- og sykkelveg langs sjøen der kaia går i dag.

* Bygging av nytt venterom med toalett.

* Opparbeiding av nytt grøntareal bak den nye kaia.

* Arbeid mot E39 Sjøgata for å hindre utgraving av vegen.

Reiarlaget som skal drifte sambandet har ansvar for å bygge infrastruktur for lading og fortøying til den elektriske ferja.