Ledere - Bompengforvaltning og AutoPASS

Statens vegvesen arbeider for at båe gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

FirmaStatens vegvesen Vegdirektoratet
FylkeOslo
Søknadsfrist30.04.2018

Vi søker etter leiarar til dei to kontora våre ved seksjon for brukerfinansiering i transportavdelingen. Vi treng deg som ønsker å bidra inn i leiinga av seksjonen. Arbeidsstaden for båe stillingane er i Vegdirektoratet på Brynseng i Oslo.

Leiar - kontor for bompengeforvaltning

Ved kontor for bompengeforvaltning jobbar 8 medarbeidarar med å kvalitetssikre det faglege grunnlaget for nye bompengeordningar i Noreg før politisk handsaming i regjering og Storting. Kontoret har ansvar for å sikre at bompengeselskapa driv verksemda si i tråd med inngåtte bompengeavtalar. I tillegg skal kontoret godkjenne nye utferdarar av bompengebrikker og føre tilsyn med utferdarverksemda. Kontoret har òg ansvar for å forvalte og vidareutvikle relevante avtalar mellom staten og bompengeselskapa og å hente inn grunnlagsdokumentasjon til statistikk. Kontoret har ein del utgreiingssoppgåver knytte til bompengeinnkrevjing.

Leiar - kontor for AutoPASS

Ved kontor for AutoPASS jobbar 8 medarbeidarar som har ansvar for den tekniske delen av bompengeinnkrevjinga i Noreg. Kontoret styrer og forvaltar AutoPASS-samvirke - ein funksjon som har som hovudoppgåve å sikre interoperabilitet mellom bompengeselskapa, brikkeutferdarar og andre operatørar i samvirket. Kontoret har ansvar for teknisk godkjenning av alle aktørane i AutoPASS-samvirke for å sikre at alle oppfyller kravspesifikasjonane som blir stilte til teknisk utstyr, mellom anna sentralsystem, AutoPASS-brikker og vegkantutstyr. Ansvaret for å forvalte og vidareutvikle AutoPASS-systemet er òg ein del av oppgåveportefølja til kontoret.

Ansvar og arbeidsoppgåver for stillingane:

  • Deltaking i leiargruppa i seksjonen
  • Kontorleiarane har saman ansvaret for å bygge opp ein tilsynsfunksjon overfor brikkeutferdarar
  • Leie arbeidet i kontoret - til stillingane ligg det fag-, personal-, budsjett- og resultatansvar
  • Bidra til utvikling av kontoret sine fagområde og seksjonen generelt
  • Bidra til fagleg samhandling og best mogleg ressursutnytting i seksjonen
  • Kontakt med Samferdselsdepartementet, Statens vegvesen sine regionar, andre etatar, fagbransje- og organisasjonar

Kvalifikasjonskrav

Du må ha mastergrad eller tilsvarande utdanning frå universitet eller høgskule innan tekniske, økonomiske eller samfunnsvitskapelege fag. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning. Oppgåvene som ligg til stillingane krev at du har god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk. Erfaring frå leiing i offentlig verksemd er ein fordel.

Som leiar ved Kontor for bompengeforvaltning er det ein fordel om du har erfaring med eller god forståing for politiske prosessar. Forslag til bompengeproposisjonar med vidare som skrivast på nynorsk krev at du har god skriftleg formuleringsevne på nynorsk.

Inngåande teknisk forståing og kompetanse er ein føresetnad for stillinga som leiar ved kontor for AutoPASS. Arbeidsoppgåvene krev at du er god i munnleg og skriftleg engelsk.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Dette ønsker vi oss

Vi ser etter trygge leiarar som har evna til å leie dyktige fagfolk på ein tydeleg måte. Vi ønsker at du skal finne balansen mellom operativt og strategisk arbeid, mellom fag og forvaltning og mellom arbeid og fritid - båe for medarbeidarane dine og deg sjølv.

I Statens vegvesen ønsker vi å vere profesjonelle, framtidsretta og inkluderande. Som leiar er det viktig at du

  • kommuniserer klart og presist, at du samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke
  • engasjerer medarbeidarar og samarbeidspartnarar til å tenke i framtidsscenario og vurdere kva for krav dette stiller til det vi leverer
  • jobbar målretta for at Statens vegvesen skal vere imøtekommande, ha omtanke for omgivnadane og vere tilgjengeleg

Alle leiarar i Statens vegvesen må ta ansvar for å utvikle medarbeidarane sine og seg sjølv, og vere medvitne om at dei er rollemodellar og kulturskaparar.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og mentorordning
  • eigne leiarutviklingsprogram og gode moglegheiter for fagleg påfyll
  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • triveleg arbeidsmiljø i eit flott og lyst kontorbygg ved Alnaelva på Bryn i Oslo med gode offentlege kommunikasjonshøve

Lønn blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår, stillingskode 1211 Seksjonssjef.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåver.

Kontaktperson

Vil du vite meir om stillinga(ne) kan du kontakte avdelingsdirektør Åge K. Jensen, telefon 22 07 36 69 eller mobil 975 49 618.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å legge arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall bli varsla.

Søk stillinga på www.vegvesen.no/jobb innan 30. april 2018.

Vis flere stillinger: