Medarbeidar til styring og strategistaben i Stavanger

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

FirmaStatens vegvesen
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist23.04.2018

Statens vegvesen Region vest har ledig eit vikariat fram til 1. sept. 2019 med mogelegheit for fast tilsetjing i styring og strategistaben med kontorstad i Stavanger.

Vi ønskjer ein medarbeidar med erfaring frå utgreiingar og analysearbeid, og som er strukturert, løysingsorientert og flink til å kommunisere.

Styring og strategistaben

Styring og strategistaben skal på vegne av regionvegsjefen leggje til rette for styring i regionen gjennom å utarbeide og følgje opp resultatavtalar og bidra til kvalitetsutvikling, styring, oppfølging og rapportering internt i regionen, til Vegdirektoratet og til dei tre fylkeskommunane i regionen. Staben har ansvar for Region vest sitt strategiarbeid, der vi mellom anna har fokus på byområda. I noverande strategiplan, er vi aktør i Bergen og på Nord-Jæren i bypakkane og byvekstavtalane.

Vi har i dag 11 medarbeidarar plasserte i Leikanger, Bergen og Stavanger.

Arbeidsoppgåver:

Du vil jobbe for heile regionen, og aktuelle arbeidsoppgåver vil vere:

  • strategiske vurderingar knytta til bompengepakkar
  • utarbeiding av Nasjonal transportplan
  • utgreiingar og analyser
  • oppfølging av prosjekt og prosjektpakkar

Kvalifikasjonskrav:

Det vert kravd utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, innan relevante fag. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, samt gode personlege føresetnader for vikariatet, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi legg vekt på:

  • erfaring frå liknande arbeid
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • at du er sjølvstendig, løysingsorientert, målretta og jobbar strukturert
  • gode samarbeidsevner, og at du er aktivt med på å skape eit triveleg arbeidsmiljø

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve for fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktperson:

Meir utfyllande informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte leiar for staben Tone Margrethe Oppedal på mobil 95046056.

Dersom du synest dette høyrest spanande ut, søkjer du vikariatet via vår jobbportal www.vegvesen.no/jobb, innan 23. april 2018.

Vis flere stillinger: