Vegplanleggar, Leikanger

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

FirmaStatens vegvesen
FylkeSogn og Fjordane
StedLeikanger
Søknadsfrist22.04.2018

Prosjekteringsseksjonen er ein del av ressursavdelinga i Statens vegvesen Region vest, og har som hovudoppgåve å utarbeide byggeplanar og konkurransegrunnlag for vegar, gater og tunnelar ved eigenprosjektering eller ved bruk av konsulentar. Vi ynskjer å styrke vår kompetanse innan vegprosjektering, og søkjer ein ny medarbeidarar til vårt kontor på Leikanger.

Arbeidsoppgåver

  • Prosjektering av veg, gate og tunnel
  • Utarbeiding av anbodsdokument
  • Prosjekteringsleiing
  • Oppfølging i byggefase
  • Engasjere og styre konsulentoppdrag

Du vil få ansvar for å prosjektere og utarbeide konkurransegrunnlag innanfor ditt fagområde. Dette inneber utarbeiding av modellar og teikningar, samt anbodsbeskrivelse for innhenting av tilbod frå entreprenørar. I arbeidet inngår også prosjektering av drenering, skilt og oppmerking m.m.

Kvalifikasjonskrav og bakgrunn

  • Eksamen frå universitet eller høgskule, min. 3 år, innan vegplanlegging eller tilsvarande.
  • Ynskjeleg med erfaring innan prosjektering/planlegging av vegar, men vi oppmodar og nyutdanna om å søkje.
  • Ynskjeleg med erfaring i bruk av relevante dataverktøy (autocad, novapoint m.fl) og at du har BIM-kompetanse (modellbasert prosjektering)
  • Det er naudsynt med førarkort kl. B.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå aktuelle fagområder og med gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi fråvike kravet til utdanning.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

I tillegg legg vi vekt på:

Vi ser etter deg som har eit stort fagleg engasjement og som set kunnkapsdeling høgt. Då vi i stor grad arbeider oppdragsbasert er det særs viktig at du har gode gjennomførings - og leveranseevner, er flink til å samarbeide og har evne til å organisere dine oppgåver på ein sjølvstendig og strukturert måte.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidsdagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til pensjonsordning i Statens pensjonskasse.

Kontaktperson og søknad

Prosjekteringsseksjonen v/ seksjonsleiar Torill Felde på e-post: torill.felde@vegvesen.no eller tlf. 971 40 861.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidstilhøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleggjort, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall bli varsla.

Søk stilling

Vis flere stillinger: