Over 450 nye vindmøller på Mørekysten?

Det er planar om bygging av 451 vindmøller i Møre og Romsdal dei neste åra. Allereie i januar sender Havgul truleg inn konsesjonssøknad om bygging av 334 vindmøller til havs, og dagleg leiar Harald Dirdal seier 2006 blir eit heilt spesielt år, skriv NRK på sine heimesider.

Framleis kampsak Dei omfattande planane om vindmøller i Møre og Romsdal blir garantert ei kampsak også i 2006. Frå før fins det vel 70 vindmøller i fylket, men det er berre blåbær mot planane som no er komne på bordet. Fem selskap vil byggje 451 vindmøller i fylket. Havgul åleine står altså for 334 av dei. Det er Noregs Vassdrags- og Energidirektorat som tek imot søknadene, og som seier ja eller nei i første omgang. Seksjonsleiar Arne Olsen seier det er for tidleg å seie kor mange av prosjekta som blir godkjende. Vil ikkje legge på is Planane om vindmøller til havs og til lands i Møre og Romsdal er omstridde. I Fræna var innbyggjarane og kommunen så skeptiske til Havgul-prosjektet utanfor kysten, at planane der blei skrinlagde. Dagleg leiar Harald Dirdal i Havgul seier det er uaktuelt å leggje resten av planane på is. Han håper at vindmøllene står ferdige i havet utanfor kysten om få år.