Grunnerverver

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

FirmaStatens vegvesen
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist02.04.2018

Kan du tenkje deg å arbeide med grunnerverv?

Er du jordskiftekandidat, jurist eller har annan relevant bakgrunn, har vi interessante oppgåver til deg.

Ved eigedomsseksjonen i Statens vegvesen Region vest, har vi ledige stillingar som grunnervervar med kontorstad i Bergen.

Vi kan tilby èn fast stilling samt ett vikariat på 1 år.

Eigedomsseksjonen

Seksjonen har eit samla fagmiljø på ca. 60 medarbeidarar i regionen med kontor i Stavanger, Bergen, Leikanger og Haugesund. Vi har ansvar for kjøp av grunn og rettar for bygging og drift av riks- og fylkesvegar.

Våre prosjekt varierar frå store veganlegg til bygateprosjekt, gang- og sykkelvegtiltak, trafikksikringstiltak og mindre drifts og vedlikehaldprosjekt. Seksjonen har også ansvar for landmåling og forvaltning av eksisterande veggrunn.

Arbeidsoppgåver

Du som vert tilsett vil få utfordrande, varierande og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan grunnerverv med tilhøyrande plan- og eigedomsjuridiske problemstillingar.

Grunnervervaren er også deltakar i prosjektgrupper for nye vegprosjekt og er bidragsytar i heile prosessen frå oppstart av planarbeid til veganlegget er ferdig bygd.

Kvalifikasjonar

Masterutdanning frå universitet/høgskule innan jordskifte, eigedom eller juridiske fag. Lang og relevant erfaring frå dei nemnde fagområda kan kompensera for deler av utdanningskravet. Du må ha førarkort kl. B.

Personlege eigenskapar

Seksjonen har mykje kontakt med andre interne seksjonar og eksterne parter, og vi legg difor vekt på gode samarbeidsevner, samt god skriftleg og munnleg kommunikasjon. For å fungere godt i stillinga må du:

  • Ha evne til å møte menneske i utfordrande situasjonar og skape god kontakt
  • Trivast med å jobbe mot korte tidsfristar og vere resultatbevisst
  • Vere strukturert, sjølvstendig og pedagogisk

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar

Øyvind Pedersen, Seksjonsleiar tlf. 55 51 61 34/97 09 34 50.

Søk stilling

Vis flere stillinger: