Automasjonsingeniør

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

FirmaStatens vegvesen
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist25.03.2018

Prosjekteringsseksjonen

Prosjekteringsseksjonen er ein del av ressursavdelinga i Statens vegvesen Region vest, og har som hovudoppgåver å utarbeide byggeplanar og konkurransegrunnlag for vegar, gater og tunnelar ved eigenprosjektering eller bruk av konsulentar.

Vi ynskjer å styrka vår kompetanse innan planlegging og prosjektering av automasjonsløysingar, og søkjer no to nye medarbeidarar til vårt kontor i Bergen.

Arbeidsoppgåver

Di hovudoppgåve vil vere å planleggje og detaljprosjektere styre- og overvakingssystem og nettverks- og kommunikasjonsløysingar i eksisterande og nye tunnelar.

Du får ansvar for å utarbeide kravspesifikasjonar og konkurransegrunnlag innanfor ditt fagområde. Dette inneber m.a. utarbeiding av teikningsgrunnlag og skildrande tekst for innhenting av tilbod frå entreprenørar.

Du deltek også på synfaringar og byggemøte etter behov, samt utfører kontroll og testing av anlegg på byggeplassen.

Kvalifikasjonskrav

Utdanning frå universitet-/høgskule, min. 3 år, med relevant linje- og fagkombinasjon, t.d. automatiseringsteknikk, kybernetikk eller liknande.

For søkjarar med lang og relevant erfaring frå liknande oppgåver og med gode personlege føresetnader for stillingane, kan vi fråvike kravet til utdanning.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Det er ønskjeleg at søkjarar har god erfaring frå og kjennskap til industrielle styre- og kontrollsystem, instrumentering, datanettverk og fiberoptisk kommunikasjon men nyutdanna er også velkommen til å søkje.

Det vil vere ein fordel at du har god markeds - og produktkunnskap frå dette fagområdet.

Det er naudsynt med førarkort kl. B.

Då stillinga inneber stor grad av utarbeiding av skriftlege rapportar og dokumentasjon, samt mykje intern/ekstern kontakt, set vi krav til gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg. I tillegg til eit godt auge for detaljar.

Du vil ha eit tverrfagleg samarbeid og yte fagleg bistand internt mot andre einingar, samt ha god kontakt med våre leverandørar. Vi ser etter deg som har eit stort fagleg engasjement og som set kunnkapsdeling høgt. Då vi i stor grad arbeider oppdragsbasert er det særs viktig med gode gjennomføring - og leveranseevner, samt evne til å organisere dine oppgåver på ein sjølvstendig og strukturert måte.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktperson

Om du ønskjer meir informasjon om stillingane kan du kontakte seksjonsleiar Annicke Bergh Monsen, tlf. 922 37 372.

Søk stilling

Vis flere stillinger: