Teknisk saksbehandlar avkøyrslar

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

FirmaStatens vegvesen
FylkeRogaland
StedHaugesund
Søknadsfrist08.04.2018

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som Teknisk saksbehandlar Avkøyrslar, ved seksjon Plan og Forvaltning, Haugesund.

Seksjonen har hovudansvar for planlegging av vegprosjekt, gang- og sykkeltiltak, trafikksikringstiltak, kollektivtiltak, tiltak for universell utforming og ulike miljø- og forvaltningsoppgåver for riks- og fylkesvegnettet Nord Rogaland.

Arbeidsoppgåver

Oppgåvene vil mellom anna omfatte:

  • Saksbehandling av avkøyrslar på Riks- og Fylkesveger
  • Kontroll og godkjenning av bygde avkøyrslar på Riks- og Fylkesveger
  • Andre trafikksikkerheitsoppgåver må også påreknast etter behov

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år.
  • For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eller annan relevant utdanning, og gode personlege føresetnadar for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
  • Førekort for bil kl. B.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi vektlegg

  • Erfaring frå offentleg saksbehandling
  • Erfaring frå vegplanlegging, Plan og bygningsloven, veglov og vegtrafikklov
  • Evne til god kommunikasjon og samhandling både internt og eksternt
  • Generelt gode datakunnskapar
  • At du er initiativrik og jobbar sjølvstendig og systematisk

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søknad

Ta kontakt med seksjonsleiar om du har spørsmål: Ivar Thorkildsen, tlf. 51911713 /mobil 976 76661

Søk stilling

Vis flere stillinger: