Foto: Geir Anders Rybakken Ørslien/Statsbygg

Statsbygg investerte 5,7 milliardar kroner i 2017

Mange og store prosjekt bidrog til at Statsbyggs investeringar runda 5, 7 milliardar kroner i 2017.

- Aldri før har investerings -og vedlikehaldsnivået vore høgare, samtidig gjekk forbruket noko ned, seier administrerande direktør Harald Nikolaisen i Statsbygg. - Dette tyder på at vi har gjort mykje rett det siste året, seier Nikolaisen i ei pressemelding.
Statsbygg auka også kjøpstala for 2017 til 112 millionar, mot kjøp for 67 millionar i 2016. Samtidig selde Statsbygg eigedommar for 114 millionar, ei auke på ti millionar frå 2016.

Statsbygg investerer som aldri før

- Det har dei siste åra nærast vore ei trend at Statsbygg aukar investeringane sine. Dei to siste åra er det snakk om ei auke på over ein milliard kroner, seier Nikolaisen.
Investeringsnivået er so høgt grunna alle dei store og små prosjekta Statsbygg både starta, held på med og fullførte i 2017.

Rådgjeving gir innsparing

Statsbygg gir råd til statlege verksemder og organisasjonar, både på sektor- og departementsnivå. - Statsbygg assisterte i forhandlingar av leigekontraktar for totalt 1,3 milliardar kroner i 2017, noko som utgjorde ei innsparing i forhold til tidlegare kontraktar på 40 prosent, seier Nikolaisen.

Rådgjevingsoppdraga består av alt frå lokalisering av statlege verksemder, til planutreiingar og leigekontraktar for Helsedirektoratet i Oslo og Trondheim.