Foto: BetonmastHæhre

BetonmastHæhre signerte Rogfast-kontrakt

Torsdag signerte Statens vegvesen og BetonmastHæhre Anlegg AS kontrakten på å byggje ein 700 meter lang sidetunnel i Mekjarvik i Rogaland. Tunnelen skal brukast til å frakte masse ut frå tunnel-løpa i Rogfast.

Ti entreprenørar som tilbod, og BetonmastHæhre Anlegg hadde det lågaste tilbodet på 62 millionar kroner.

- Vi var nøgde med at så mange var interesserte i å byggje sidetunnelen. Tilboda var også innanfor kostnadsramma vi har på denne kontrakten. BetonmastHæhre leverte det lågaste tilbodet, og samtidig har dei overtydd oss om at dei kan levere rett kvalitet til rett tid. No ser vi fram til at vi også kjem i gang frå sørsida av Rogfast, seier prosjektleiar for Rogfast, Tor Geir Espedal i ei melding.

Det er den andre Rogfast-kontrakten som er tildelt. Frå nordsida i Arsvågen har entreprenør NCC starta med å sprenge ut to sidetunnelar.

BetonmastHæhre Anlegg gler seg til å kome i gang. ­­

- Vi håper å starte opp om kort tid, seier Øystein Birkeland. Han er prosjektsjef for tunnel i BetonmastHæhre Anlegg, og gler seg spesielt over at dei fekk ein kontrakt på Vestlandet.

- Som bergensar er eg spesielt glad for at vi no også er representerte på Vestlandet, seier han og smiler.

Statens vegvesen vil om kort tid lyse ut den fyrste av dei tre store Rogfast-kontraktane.

Kvitsøy-kontrakten er estimert til 3,4 milliardar kroner.