Prosjektleiar, drift og vedlikehold, Bergen

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

FirmaStatens vegvesen
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist14.03.2018

Prosjektleiaren har ansvaret for utarbeiding og oppfølging av driftskontrakter med funksjonsansvar på riks -og fylkesvegane i Bergen, Sund, Fjell, Øygarden, Askøy, Osterøy, Os og Austevoll.

I tillegg har prosjektleiar ansvar for søknad om graveløyve, stillas og utplassering av containerar samt godkjenning av arbeidsvarslingsplanar. Den samla omsetningen pr. år er ca. 250 mill. kr. Prosjektleiaren har også personalansvar for 12 medarbeidarar.

Oppgåver

  • Koordinere kontakt med grunneigarar, trafikantar, media og eksterne etatar
  • Bidra til å nå etatens mål innan HMS
  • Planlegge og rapportere innan kvalitet, framdrift og økonomi
  • Delta i og koordinere arbeidet gjennom vegdriftsnettverket
  • Ivareta drifts- og vedlikeholdsomsyn gjennom deltakelse i plan- og byggefase
  • Gi fagleg støtte til byggeleiarar og kontrollingeniørar

Kvalifikasjonskrav:

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år. Dersom du har sterk og allsidig praksis frå fagområdet eller etterutdanning, kan vi fråvike kravet om høgare utdanning.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Det er ønskeleg med allsidig erfaring frå arbeid innan drift og vedlikehold av veg eller byggje-/prosjektleiing. Det vil vere ein fordel med erfaring frå veganlegg. God kjennskap til data som arbeidsverktøy. Du må ha førarkort kl. B.

Vi vektlegg:

  • Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
  • Erfaring frå liknande arbeid og kjennskap til kontraktarbeid
  • Ryddig, strukturert skriftleg fremstillingsevne
  • God samarbeidsevne og tverrfagleg interesse
  • Trivst med lagarbeid og kan skape gode resultat saman med andre.
  • At du aktivt er med å skape eit triveleg og godt arbeidsmiljø

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktperson

Seksjonsleiar Arild Hegrenæs

Telefon 95088756

Søk stilling

Vis flere stillinger: