Prosjektleiar Bussvei

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist04.03.2018

Bussvei er den store kollektivsatsinga som byregionen på Nord-Jæren skal gjennomføre i åra som kjem. Planlegginga av dei ulike etappane i prosjektet er komme langt, og i dei kommande åra vil utbygginga av prosjektet setja sitt preg på regionen.

Prosjektet skal også gi gode løysningar for dei som går og syklar. Dette er i tråd med overordna målsetning om at all vekst i persontransport i byområdet skal skje gjennom kollektiv, gange og sykkel. Bussveien knyter saman viktige regionale målpunkt som Risavika, Stavanger sentrum, Forus og Sandnes sentrum.

Rogaland fylkeskommune har ansvaret for mellom anna markedsføring, profilering og innkjøp av nytt bussmateriell. Statens vegvesen har fått ansvaret for planlegging og bygging av infrastrukturen i prosjektet. Med denne ansvarsdelinga er eit tett og godt samarbeid med Rogaland fylkeskommune viktig.

Vi skal bygge til saman over 50 kilometer med bussfelt, og vi søkjer ein dyktig prosjektleiar til å styre og koordinere utbygginga av prosjekt Bussveien.

Stillinga her gjelder den utførande fase og er knytt opp til Investeringsseksjonen i Vegavdeling Rogaland. Investering har ansvar for større og mindre investeringsprosjekt i Sør- Rogaland.

Ansvar og arbeidsoppgåver

Bussveien består av fleire deletappar. Nokon få deler av prosjektet er ferdig bygd, noko er under gjennomføring, men i all hovudsak er all bygging igjen. Som prosjektleiar Bussveien vil du få ansvar for å styre og koordinere prosjektet i den utførande fase, og du vil ha ei nøkkelrolle for den samla gjennomføringa av prosjektet.

Delprosjekta blir leia av dyktige delprosjektleiarar. Du vil ha ei samla paraplyfunksjon i forhold til delprosjektleiararne med det for auga å sikre den raude tråden gjennom dei ulike delprosjekta.

Du kjem til å samarbeide tett med fagpersonar på tvers av dei ulike seksjonane i avdelinga, og du vil ha tett kontakt med seksjonsleiar Investering og andre utpekte personar.

Som prosjektleiar vil du òg ha ansvar for:

  • Delta i ulike samarbeidsgrupper ved behov
  • Kontakt og tett dialog med involverte partar
  • Rapportere til seksjonsleiar på Investering
  • Utstrakt mediakontakt
  • Rapportere og stille i møter

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har minimum 5 års høgare utdanning, samt minimum 5 år dokumentert erfaring frå større og kompliserte samferdselsprosjekter i den utførande fasen.

Dersom du har sterk og allsidig praksis, eller etterutdanning og gode personlige føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stillinga er utfordrande og stiller høge krav til prosjektstyrings- og leiarkompetanse, samt samarbeid med administrative og politiske organ på alle nivå.

Som prosjektleiar er det viktig at du kommuniserer og samhandlar godt, ser løysningar og viser handlekraft gjennom fagleg styrke. Du er analytisk, sjølvstendig og god til å samarbeide med andre.

Evne til å skape eit godt arbeidsmiljø er viktig for denne stillinga.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman.
Du påverkar samfunnsutviklinga og du får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt.

Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidsdagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskular og gode muligheiter for fagleg påfyll
  • Bedriftshytter/bedriftsidrettslag

Løn avtalast nærare i samsvar med vår lønnspolitikk.

Søknad

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Nærare opplysningar kan du få hjå seksjonsleiar Harald Bøhn på mobil 92610412.

Søk stilling

Vis flere stillinger: