Prosjektleiar Veg investering

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar.

Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist04.03.2018

I Statens vegvesen Region vest er det ledig 1 stilling som prosjektleiar ved avdeling Rogaland, Vegseksjon Stavanger - Investering. Kontorstad Stavanger. Seksjonen er i dag organisert med 43 årsverk, og har ansvar for små og store investeringsprosjekt i heile Sør-Rogaland og delar av Ryfylke.

Større investeringsprosjekt som er under bygging no eller skal byggjast seinare, er blant anna vidare kollektivutbygging langs fv44 mellom Stavanger og Sandnes, og langs rv.509 frå Stavanger mot Hafrsfjord/ Tananger, Sykkelstamvegen, Rv13 Hjelmeland - Nesvik ferjekaier og fv.505 Skjæveland-Foss Eikeland. I tillegg er det stort fokus på bygging av gang- og sykkelvegar og trafikksikkerheitstiltak.

Stillinga er innanfor fagområdet nyanlegg, som til dømes vidare utbygging av kollektivtraséer i Stavanger og Sandnes, og andre større prosjekter i området.

Prosjektleiarstillinga inngår i byggherrepoolen i Region vest, men vil f.t. vere knytt til vegseksjon Stavanger Investering, avdeling Rogaland.

Aktuelle arbeidsoppgåver

  • Det heile ansvar for prosjektas kvalitet, framdrift, økonomi og HMS i tråd med prosjektbestilling
  • Det formelle ansvar i forhold til offentlige etatar, naboar og alle andre som vert råka av prosjektgjennomføringa
  • Ansvar for å utarbeida tilbodsgrunnlag
  • Ansvar for å utarbeida kvalitetsplan i tråd med gitte retningslinjer
  • Ansvar for rapportering, her under ansvar for å melda og avklara avvik med næraste overordna
  • Ansvar for å sikre at kartgrunnlaget (høgdegrunnlaget) har rett kvalitet
  • Ansvar for å utarbeida nødvendige instruksar for å avgrensa ansvar og mynde for underordna personell
  • Diverse sakshandsaming knyt til prosjekta, samt andre arbeidsoppgåver innanfor prosjektleiing vil kunne påreknast.

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning frå universitet eller høgskule innan relevant fagkrins
  • Minimum 5 år med relevant erfaring, jmf. beskriving over
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk er ein føresetnad, samt førarkort kl. B

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi legg vekt på

  • Kunnskap om regelverk og forskrifter innan relevante fagfelt
  • Erfaring frå liknande arbeid/ bransjeerfaring
  • Erfaring med bruk av elektronisk verktøy til oppfølging og rapportering
  • Kunne medverke til eit godt arbeidsmiljø, både internt og i forhold til entreprenørane
  • Fleksibilitet til arbeidsoppgåver
  • Evne til å jobbe målretta og strukturert

Vi ynskjer søkjarar med kompetanse/erfaring frå leiing av større veg-/ kommunaltekniske prosjekt, med kjennskap til retningslinjer for vegplanlegging/-prosjektering eller erfaring med bygging i byområder og av kommunaltekniske anlegg.

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt.

Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Søknad

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Nærare opplysningar kan du få hjå seksjonsleiar Harald Bøhn på mobil 92610412.

Søk stilling

Vis flere stillinger: