Montasjeleiar

Førde Sementvare As vart grunnlagt i 1930.

Sidan oppstarten har bedrifta vore innom ulike verksemder; takstein, blokkstein, røyr, ferdigbetong, asfalt og element. I dag med hovudfokus på 2 avdelingar - Kommunalvarer og Element. Med moderne produksjonsutstyr, høgt kvalifisert arbeidskraft og eit godt arbeidsmiljø står vi sterkt i konkurransen. Bedrifta er i dag eigd av Opseth Invest AS.

Førde Sementvare AS er godkjend av Kontrollrådet for betongprodukt, er godkjend som lærebedrift og har sentral godkjenning for ansvarsrett.

FirmaRandstad for Førde Sementvare
FylkeSogn og Fjordane
StedFørde
Søknadsfrist16.05.2018

Har du lyst på ein utfordrande og travel kvardag med ansvar? Set du pris på gode kollegaer og ser verdien av lagarbeid? Er du god på å motivere, leie og utveksle erfaringar?

Er du ein god organisator og klarar å ha fleire ballar i lufta samtidig?

For vår kunde, Førde Sementvare AS ser vi etter deg som vil vere med oss på laget, og som kan vere med på å sikre framtidig god og effektiv utvikling av montasjeavdelinga.

Arbeidsoppgåver og ansvarsområder vil i hovudsak være

  • Leie og planlegge dagleg drift
  • Innkjøp og administrere bestillingar knytta til montasjeavdelinga
  • Utarbeiding av planar og oppfølging av personal og arbeid
  • HMS og I/K-ansvar for underordna og avdeling
  • Ein del reiseverksemd må påreknast

Personlege eigenskapar

  • Initiativrik og løysingsorientert haldning med stå-på-vilje og uthaldenhet
  • Strukturert arbeidsmetodikk
  • Gode norske kommunikasjonseigenskapar skriftleg og muntleg
  • Sterke sosiale ferdigheter med god evne til lagarbeid og relasjonsbygging

Bakgrunn og utdanning

  • Teknisk fagskule eller ingeniørutdanning, men relevant erfaring kan kompensere for dette.
  • Gjerne erfaring som prosjektleiar eller anna leiarerfaring innan betongfaget

Vi kan tilby

  • Godt arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
  • Etablert firma med god økonomi
  • Lønn og ytelsar etter avtale
  • Pensjons- og forsikringsordningar

Ta kontakt for meir utfyllande og detaljert informasjon rundt stillinga med rekrutterer Marius Hallem på +47 400 21 572 eller Sales manager Sigrid A. Førde på +47 400 21 567.

Søknader blir behandla fortløpande.

Søk her

Vis flere stillinger: