E39 Mundalsbergtunnelen. Foto: Statens vegvesen

Skal ruste opp 150 tunnelar på Vestlandet

Det skal bli tryggare og betre køyreforhold på Vestlandet når rundt 150 tunnelar får ny utrusting.

Tunneloppgraderingsprosjektet tok til i 2015, og på Vestlandet vert det stor aktivitet i det kommande året.

Tunneltryggleiksforskriftene skildrar minimumskrava for utrusting i tunnelar med lengd over 500 meter på Europa-, riks- og fylkesvegar. Tunnel­oppgraderings­prosjektet tek føre seg dei tunnelane som ikkje har utrusting etter forskriftene. Målet er m.a. betre tryggleik og meir einsarta utrusting.

Akkurat kva arbeid som skal utførast vil variera. Det blir laga eigne tiltaksplanar for kvar einskild tunnel, der ein tek omsyn til faktorar som alder, lengd, trafikkmengd og standard.

I fylka som utgjer Statens vegvesen sin Region vest – Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland – er det fleire tunnelar enn noko anna del av landet. Om lag 150 tunnelar i denne regionen treng tiltak for å oppfylla krava i forskriftene. Opprustinga av tunnelane er i gang, og skal vera ferdig innan 2025. Aktiviteten vil difor auka i åra framover.

I dokumentet som ligg til høgre på denne sida finn du informasjon om tunnel­oppgra­derings­prosjektet: om kva som skal gjerast, korleis me går fram og kva tunnelar me skal arbeida i dette året. Du finn òg kjelder til meir informasjon om prosjektet.

Her finner du meir om tunneloppgraderingsprosjektet