Bergsprengingsleiar og bergsprengar

K.A. Aurstad AS er eit maskinentreprenørfirma som byggjer infrastruktur, t.d. vegar og tunnelar, kraftanlegg, flyplassar og kommunaltekniske anlegg. Selskapet vart etablert i 1985 og har om lag 200 tilsette. Marknadsområdet vårt er i dag Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Oppland, Hordaland, Sør-Trøndelag og Nordland.

FirmaK. A. Aurstad
FylkeTrøndelag, Møre og Romsdal
StedSoknedal (prosjekt), Hovdebygda
Søknadsfrist23.02.2018

Avdeling for Sprenging treng fleire dyktige medarbeidarar, difor søkjer vi etter:

Bergsprengingsleiar og bergsprengar

Bergsprengingsleiar er til prosjektet vårt i Soknedal (E6 Soknedal).

Arbeidsoppgåver bergsprengingsleiar:

  • Planlegge og utføre boring og sprengingsarbeid saman med bergsprengar
  • Få tak i nødvendig sprengingsmateriell
  • Dokumentere og rapportere utført sprengingsarbeid til byggherre
  • Ha eit bevisst forhold til HMS arbeid
  • Sentral rolle med å koordinere og utføre bore og -sprengingsarbeid på anlegga våre
  • Gje fagleg hjelp til bergsprengarar, borarar og anleggsleiing
  • Ansvar for framdrift og planlegging etter framdriftsplanar
  • Oppfølging av underentreprenørar på sprenging
  • Personalansvar på prosjekt
  • Vere ein del av anleggsleiinga
  • Rapportere til avdelingsleiar

Arbeidsoppgåver bergsprengar:

  • Planlegge og utføre boring og sprengingsarbeid i samråd med bergsprengingsleiar
  • Dokumentere og rapportere utført sprengingsarbeid
  • Ha eit bevisst forhold til HMS arbeid
  • Sentral rolle med å koordinere og utføre bore og -sprengingsarbeid på aktuelt prosjekt

Vi ser etter deg som har/er:

  • Fagbrev eller tilsvarande kompetanse på anleggsmaskiner med GPS-styring
  • Bergsprengingsleiarsertifikat (for bergsprengingsleiar)
  • Bergsprengarsertifikat
  • Erfaring frå alle typar små og store sprengingsoppdrag
  • ADR-sertifikat
  • Førarkort klasse BE
  • Sjølvstendig og gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
  • Engasjert og lærevillig
  • Stabil og høg arbeidskapasitet og likar å ta ansvar i ein utfordrande og spanande kvardag
  • God erfaring med BlastManager
  • God til å planlegge, strukturert og nøyaktig

Vi tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø
  • Innovativ arbeidsplass, får vere med på å skape
  • Konkurransedyktige løns- og pensjonsordningar
  • AFP-bedrift

Interessert? Hugs å registrere søknad og CV i cv-databasen vår på nettsida, http://www.aurstad.no/cv/

Søknadsfrist : 23. februar 2018

Dersom du har spørsmål ta kontakt med Pål Idar Saure, tlf. 467 48 577.