Naturvitar - vikariat

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar.

Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist18.02.2018

Ledig vikariat som naturvitar i Stavanger

I Rogaland er det mange samferdselsprosjekt, mellom anna i Bussveien, Bypakke Nord-Jæren og Haugalandspakken. Statens vegvesen har ansvar for planlegging og prosjektering av desse prosjekta, og treng dyktige fagfolk for å møte den auka arbeidsmengda. Vil DU vera med og utvikla samferdselsnettet i regionen?

Planseksjonen har ansvar for å leie planlegginga av store og små investeringsprosjekt i Region vest. Prosjekta varierer frå store veganlegg på riks- og fylkesvegnettet til bygateprosjekt, miljøgateprosjekt, gang- og sykkelvegtiltak, trafikksikringstiltak, støyskjerming, miljøtiltak m.a. Planseksjonen i Stavanger er eit samla fagmiljø med over 50 medarbeidarar med kompetanse innan planprosjektleiing, vegplanlegging, landskap og arkitektur, arealplanlegging, natur- og kulturmiljø.

På Ressursavdelinga har vi ledig vikariat som naturvitar ved Planseksjonen i Stavanger. Er du samfunnsengasjert og ønskjer å bruke din kompetanse til å påverke val og utforming av vegprosjekt, kan vi by på mange utfordringar.

Arbeidsoppgåver kan vere:

  • utarbeide reguleringsplaner og kommunedelplaner, innan deltema naturmangfald og naturressursar
  • fagleg bistand i vegprosjekter i reguleringsplan, byggjeplan og byggjefase
  • utarbeide og følgje opp plan for ytre miljø i byggjeplan- og byggjefasen

Kvalifikasjonskrav:

  • utdanning frå høgskule eller universitet på ingeniør- eller bachelornivå, min. 3 år med naturvitskapeleg utdanning innan biologi, landskapsøkologi, naturforvaltning, miljø eller agronomi
  • erfaring med planlegging etter Plan- og bygningslova

For kandidatar med omfattande relevant erfaring, og som er spesielt godt eigna for stillinga, kan ein fråvike kvalifikasjonskravet.

Det er vidare ønskjeleg at du har:

  • kjennskap til aktuelle normaler, retningslinjer og forskrifter, arealplanlegging, konsekvensutgreiing og/eller offentleg forvaltning
  • erfaring knytt til naturmangfald og/eller naturressursar
  • evne til å samarbeide og til å arbeide på tvers av fag
  • vilje til å gjennomføre oppgåver
  • gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
  • evne til å tenkje nytt og ha ein heilskapleg perspektiv
  • evne til å prioritere og skifte raskt mellom fleire ulike prosjekt og oppgåver

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og kompetent fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt.

Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Søknad

Stillinga er et vikariat, og kan tiltreast så snart som mogleg. Vikariatet gjeld for minimum fram til sommaren 2019.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Meir informasjon om stillinga og arbeidsoppgåvene kan du få ved å kontakte seksjonsleiar Linda Karlsen Longfjeld, linda.longfjeld@vegvesen.no eller mobil 92240413.

Søk stilling

Vis flere stillinger: